– Det er alltid greitt å få tidlege svar. Ting kan sjå veldig bra ut på trening, men ein får andre svar i kamp. Både når det gjeld treningsarbeidet, spelartropp og måten å spele på. Då er det greitt med nokre tidlege kampar, slik at vi får sett litt korleis vi ligg an. Det er betre å få svara tidleg, enn at ein må vente til rett før seriestart, fortel Hødd-trenaren.

Betre miks

Dei første svara får han allereie 18. januar. Då skal Hødd møte Volda. Og motstanden før seriestart varierer frå 4.-divisjon til Obosliga. Det er heilt bevisst ifølgje Eid.

– I fjor hadde vi nok i litt for stor grad kampar der motstandarane var på eit høgre nivå. Det vart mange kampar der vi fekk køyrt oss, og som vart ganske like. No får vi ein litt betre miks, der vi i større grad får øvd både på forsvars- og angrepsspel, seier Eid.

Og sjølv om Hødd skal møte to lag frå femte nivå, så trur ikkje Eid det blir noko gale med motstanden.

– Vi ønskjer jo å vinne alle kampane vi spelar, og vil halde fram den gode trenden frå i haust. Kvaliteten på prestasjonane og at vi skapar ein prestasjonskultur er også viktig uansett kven vi møter, og eg tvilar ikkje på at Volda er svært motiverte for å møte oss i første treningskampen. Samstundes er det viktig at ein brukar treningskampar til å trene på ting og at ein får sjå igjen ein del av det vi trenar på i kamp. At vi får jobbe fram det endelege produktet, serielaget som skal starte 14. april. Svar får vi uansett om vi møter Volda eller Molde.

Per i dag har Hødd 17 A-spelarar i troppen. Truleg er det ein del fleire enn desse som får prøve seg i treningskampane framover.

– Vi har to stallar, litt mindre stallar, på A-laget og rekruttlaget. Dei kjem til å jobbe tett i hop. Det er opp til spelarane å prestere, og dei som presterer best skal spele på A-laget, uavhengig av om ein er i rekruttstallen eller A-stallen. Det skal vere stor konkurranse om plassane på laget, og no er vi i ein heldig situasjon med to gode kamparenaer for dei unge spelarane våre, fortel Eid.

Ingen planlagte prøvespelarar

Hødd har allereie signert Joakim Wrele, Marius Hagen og Joachim Osvold. Ifølgje Eid er det ikkje planar om å teste fleire prøvespelarar på noverande tidspunkt.

– Per no har vi ikkje det, men det er tre månadar til seriestart og i løpet av den perioden kan det heilt sikkert dukke opp eit ukjent ansikt.

Onsdag er også spelarane tilbake på Høddvoll, og då kan Hødd for fullt ta fatt på oppkøyringa.

– Eg forventar topp motiverte spelarar som kjem hit onsdag. Spelarar som er ”spenna” klare til å starte treningsarbeidet. Vi veit at det vi skal gjere framover er viktig for det som skal skje til våren. Vi har høge ambisjonar og då må det vise igjen i treningsarbeidet også, avsluttar Hødd-trenaren.