Hødd valsa til slutt over Bryne på bortebane. Formspelar nummer ein for Hødd, Eirik Ulland Andersen, noterte seg for to mål. Det eine på eit frispark av det særs vakre slaget. - Det var kjekt å score på frispark igjen, seier Ulland Andersen.
Eirik Ulland Andersen har vore i kanonslag for Hødd i starten av sesongen, og plussa på med to nye mål borte mot Bryne. Det andre av det spektakulære slaget. Her har han nettopp sendt ballen i mål i kampen mot Brann heime på Høddvoll tidlegare i år.
Foto: Arkiv/Per Werkland.