IL Hødd Fotball er på jakt etter ny dagleg leiar etter at Kari Mette Sundgot fekk seg ny jobb i Volda kommune. Klubben håpar på å få på plass erstattaren i løpet av månaden, men det er framleis ein del jobb igjen.

Styreleiar i IL Hødd Fotball, Håvard Haanes, fortel at ein no er i ferd med å avslutte første intervjurunde med dei aktuelle kandidatane til stillinga.

– Status no er at vi har gjort oss ferdige med fem kandidatar, og skal snevre det litt inn. Det har vore snakka om 15. juli, men vi er nok ikkje klare før litt seinare. Eg håpar likevel at vi skal vere i mål før månaden er omme, og at vi då veit kven som skal ta over når den tid kjem, seier Haanes.

Vidare vil ein truleg gjennomføre ei andre runde med nokre av kandidatane, før styret i IL Hødd Fotball tek ei siste runde med dei aller mest aktuelle.

– Det er planen grovt sett. Vi snakka først med ganske mange, så tek vi eit noko meir djuptgåande intervju i ei andre runde før vi tek ein prat med ein eller to i styret. Det blir kanskje ikkje akkurat slik, men det er det som har vore planen, fortel Haanes.

Breitt ansvar

Styreleiaren meiner Hødd har fått inn fleire gode kandidatar til stillinga.

– Ja, det synest eg. Dei har også litt forskjellig bakgrunn, nokre med bakgrunn frå fotball og nokre med bakgrunn frå andre område. Det var også litt av poenget vårt. Alle veit at vi er ein fotballklubb, så det fokuserte ikkje vi særleg på. Vi er eigentleg ein stor samfunnsaktør i regionen og Hødd er så uendeleg mykje meir enn eit A-lag. Det er ein plass for dei mange, og då er det viktig at det ikkje berre er det som skjer på og rundt A-laget som skal vere avgjerande for den daglege leiaren. Den skal ta seg av fotballdelen i Hødd, og det gjeld uansett om det er ein som spelar på A-laget, eller ein spelar på jente-9, gutar-11 eller på Hødd United, eller om det gjeld anlegget. Ein vil ha eit temmeleg breitt ansvar, og då passar det godt at vi har kandidatar med litt forskjellige bakgrunnar, meiner Haanes.

Han legg til at Hødd har fått søkjarar frå eigen region, men at det også er aktuelle kandidatar utanfrå.

Har de fått inn mange søkjarar?

– Det spørst kva ein ser på som mange, men det har vore bra interesse. Eg var spent på om dette var ei så ”sær” stilling at det var få som ville melde seg, men det har vore bra med søknadar, og mange har vore i kontakt med meg eller med Ivar Morten Normark.

Og no har ein byrja å sikte seg inn på dei som er mest aktuelle, men framleis er det litt tid igjen før alt er klart.

– Det viktigaste er at det arbeidet vi gjer ikkje er kortsiktig, men at det er den rette kandidaten vi ender opp med. Det er likevel ofte greitt å sikte mot eit månadsskifte, seier styreleiaren, som håpar at ein skal ha ballen i mål før juli er omme. Det kan likevel verte naudsynt med noko overtid, dersom ein framleis står med meir enn ein kandidat ved månadsskiftet.