Søndag skal Olger Pedersen frå Dimna IL til Amsterdam for å springe Amsterdam Maraton, og Pedersen satsar på å forbetre tida han sette i Paris tidlegare i år.

– Dette er haustens store mål. Eg har lagt opp treninga mot ei tid på rundt 2.35 og eg er veldig optimistisk på å klare det, fortel Pedersen.

Må disponere kreftene

Under Paris Maraton sprang han inn på 2.39,14 som enn så lenge er hans bestetid på heilmaraton.

– Forhåpentlegvis har eg ny «pers» på søndag. Forma er god, så den aller største utfordringa blir å disponere kreftene fornuftig, seier Pedersen.

Olger Pedersen har dei siste åra levert mykje sterk springing både i lokale og større løp. Mellom anna vann han tre av fire løp i siste Vinterkarusellen på Hareid.

Pedersen fortel at det viktigaste han har gjort som opplading til Amsterdam Maraton er å trene. Mykje.

– Kanskje litt i overkant mykje for ein skarve mosjonist, men det har vore veldig gøy. Dei siste månadane har eg kutta ut det meste av økter der ein spring langt over maratontempo. Det har blitt færre vekevise hardøkter, men langt fleire maratonspesifikke økter med stort volum.

Fleire kilometer i beina

Håpet er at han skal halde endå betre løpet ut enn det han klarte i Paris.

– Den vekevise langturen har stort sett blitt gjennomført i eit relativt høgt tempo, i tillegg har eg kvar veke gjennomført lange intervall- eller tempoøkter i maraton til 10km-tempo. Totalt sett har eg fått fleire kilometer i beina der eg har sprunge i spesifikt tempo, noko eg trur kan hjelpe meg til å halde ut lenger i løpet. Det har også blitt mykje roleg trening, fortel Pedersen.

Start og målgang på Amsterdam Maraton går framom hovudtribunen på olympiastadion i Amsterdam.