Med i overkant av tre månadar att før seriestart har Hødd i utgangspunktet godt med tid til førebuingar, men mykje kan skje før PostNord-ligaen startar opp.

Mellom anna skal Hødd-troppen spikrast. Den siste tida har seks spelarar blitt signerte på nye kontraktar, og det er signalisert frå klubben at ein ønskjer å ha med nokre av spelarane frå fjorårets rekruttstall. Sindre Eid seier også at han ønskjer at Hødd skal trene meir denne sesongen, og fredag presenterte han treningsopplegget den komande tida for dei frammøtte på «Møteplassen» på Høddvollhuset.

– Vi skal ha åtte økter i veka, men det vil vere nokre individuelle tilpassingar. Føremiddagsøktene blir reine temaøkter, mellom anna med ei avslutningsøkt med Arild (Sundgot) for dei offensive spelarane. Onsdag morgon klokka 07.00 er det uthaldstrening. Den er tøff. Stå opp så tidleg og så skal du springe, men det er med på å skape ein kultur og ein mentalitet i gruppa.

Eid la eller ikkje skjul på at ein ikkje var heilt nøgde med resultata frå dei fysiske testane spelarane gjennomførte etter 2016-sesongen.

– Vi har ikkje eigne tal å samanlikne det med, men mot referansetal frå til dømes Tippeligaklubbar låg vi eit stykke bak. Det kanskje enklaste vi kan gjere noko med er å gjere spelarane i stand til å springe mykje, og då er det ikkje nokon grunn til å ikkje gjere det. Trenaren er snar med å skyte inn at det ikkje betyr at Hødd skal springe langs vegane og «gampe».

- Det betyr at vi skal legge inn meir springing i speleøktene. Vi skal trene noko meir enn tidlegare og vi skal ha meir spel enn tidlegare. Det blir tøffare på to forskjellige måtar. Samstundes må trenarane ta høgde for at spelarane er ulike.

– Det er skilnad på ein Magnus Myklebust og ein Bendik Rise, så vi må tilpasse treningane til individa, seier Sindre Eid.

Mange unge på trening

I den første treningsveka etter ferien har Hødd hatt nokre fråfall, spesielt grunna sjukdom. Dermed var det torsdag heile ti spelarar frå rekruttstallen i sving under A-laget si trening. At så mange unge er med blir neppe norma, men Eid legg ikkje skjul på at dei yngre spelarane skal få sjansen.

– Det er ingenting som er kjekkare enn å sjå dei unge, svoltne og lokale spelarane trene og etter kvart kanskje spele med A-laget. Det må likevel vere ein balanse i det, og det er viktig for oss at vi også har spelarar utanfrå, med litt andre kunnskapar og erfaringar. At vi har ein fin miks.

Eid legg til at det truleg kjem til å vere med fire til seks juniorspelarar på A-lagstreningane til ei kvar tid.

– Nokre blir nok tekne opp fast, kanskje innan ganske kort tid. Andre vil hospitere fast med A-laget. Vi har ein veldig spanande generasjon med spelarar fødde i 98, 99 og 2000, med mange spelarar som har dei rette haldningane og som ønskjer å verte gode.

Eid seier at ein har eit spanande utgangspunkt å jobbe vidare med, og at det no er opp til Hødd å gje dei ein god treningskvardag og etter kvart også tillit og moglegheiter på A-laget.

Skal gjere to ting

Hødd har no om lag to veker til laget spelar sin første treningskamp, heime mot Spjelkavik 20. januar. Men laget skal også møte tre Eliteserielag og får bra motstand før starten i 2.-divisjon.

– Slike kampar handlar om å få teste ut laget, spelarar og spelesystem, og sjølvsagt å spele på seg sjølvtillit. No har vi valt å spele tøffe kampar og skal få testa oss. Det er først og fremst trening og går ikkje inn med ein førsteellevar. Unge spelarar skal få sjansen og vi kjem til å gje dei fleste rikeleg med speletid. Vi skal gjere to ting i år. Vi skal helst vere med og kjempe om opprykk, og vi skal få fram unge spelarar som skal bli gode Hødd-spelarar. Vi må ha to tankar i hovudet samstundes, seier Eid til slutt.

<strong>Trenar:</strong> Hødd starta onsdag opp att treningane etter julepausen, og Sindre Eid fortel at ein ønskjer å auke treningsmengdene noko før denne sesongen.