Klubben gratulerer Ringstad med uttaket til den regionale landslagssamlinga no i april månad.

- Det viser t med rett innstilling og hardt arbeid, er det mogleg å nå langt også frå ein liten klubb som Hødd, skriv Hødd Handball på sin Facebook-konto.

20 spelarar er tatt ut

Det er i alt 20 spelarar frå Region Nord som er tekne ut til samling i Trondheim no i april. Storklubben Byåsen er klubben med desidert flest spelarar i troppen, men i tillegg til Hødd, er også Volda, Vestnes, Molde og Stranda representert frå fylket.

- Målet til regionen er at det blir kalla inn ein ny spelar for seniorlandslaga kvart år og at ein er representert med kring 20 prosent av spelarane på dei yngre landslaga, skriv Hødd Handball på sida si.