Laurdag ettermiddag går startskotet for Hødd-oppkøyringa for alvor. Då spelar laget sin første treningskamp, borte mot Sogndal. Både denne kampen og treningskampane Hødd skal spele på Høddvoll kan du sjå direkte på Vikebladet.no. Det er Sogn Avis som står for produksjonen av Sogndal - Hødd. Kampstart laurdag er 15.00.

Bortemøtet med Sogndal laurdag blir den første under Joakim Dragsten.

– Eg vil ha mykje energi, mykje innsats og godt fokus på det vi har jobba litt med. Eg synest vi fekk veldig bra gjennomkøyring på det vi ønskjer å få til i dag og no handlar det om å få til det mot eit bra fotballag på laurdag, fortel Dragsten.

Hødd tek med seg nokre prøvespelarar og nok spelarar til at trenaren kan bytte ut heile laget.

– Det er ingen som skal opp mot full matchtid, for då aukar skaderisikoen.

foto
Laurdag spelar Hødd sin første kamp under Joakim Dragsten. Treningskampen mot Sogndal kan du sjå på Vikebladet.no.

Kva ønskjer du å sjå frå prøvespelarane som er med?

– Eg vil at dei skal by på seg sjølve. Det blir jo litt sånn med ny trenar og litt nye tankar inn, så handlar det om å få maks respons både frå dei som er etablerte, frå dei som er i utfordrarposisjon og dei som er nye i gruppa. I eit lag handlar det om å få ting til å fungere som ei eining.

Han har berre leia laget i to korte veker så langt og har dermed ikkje fått altfor mykje tid tiel å gjere dei store endringane. Det har også Dragsten tidlegare sagt at han ikkje ønskjer å gjere den første tida, men han fortel også at kampen mot Sogndal vil legge litt føringar for kva ein må arbeide med i tida framover.

– Heilt klart. Vi har heilt bevisst ikkje gått inn med så mykje nytt dei første vekene, for å sjå litt kvar referansane ligg på forsvarsspel. Når vi får nokre svar mot Sogndal, så vil det vere fokuset inn mot neste kamp, der vi kanskje justerer litt. Svara vi får her vil legge føringar for neste veke og kanskje dei par neste vekene, seier Hødd-trenaren.

I tillegg til kampen mot Sogndal viser Vikebladet Vestposten også desse kampane i oppkøyringa:

  • 11. februar: Hødd – Brattvåg

  • 5. mars: Hødd – Træff

  • 19. mars: Hødd – Spjelkavik

  • 1. april: Hødd – Volda