Karsten Warholm sikra seg sitt andre gull på to dagar under NM på Byrkjelo. Etter løpet seier han at dagens løp neppe var godt nok til kongepokal, men at han trur han la inn ein god søknad med sigeren på 400 meter hekk fredag og at det sjølvsagt vil hjelpe på med to gull.

Warholm legg ikkje skjul på at det var tungt med dei røffe forholda på Byrkjelo stadion.

- Det var tungt. Eg kjende det då eg gjekk i startblokka at det var litt kjølig. Når kroppen er sliten og du er litt kald så bør ein ta litt omsyn og det var det eg gjorde i dag, seier Warholm.

Han legg til at han var litt forsiktig for å vere sikker på at han ikkje gjekk på ein skade.

- Det var ikkje slik at eg kjende at eg ville få ein skade dersom eg trykte på, men slik at eg tenkte at eg ikkje skulle gjere noko dumt. Eg har tatt denne samanlikninga nokre gongar, men kan ta den igjen. Dersom du trimmar mopeden din når du er 16 år og gir full gass på kald motor så skjærer stempelet seg. Det er ganske enkelt. Eg vil helst at denne motoren skal fungere ut sesongen.

For sjølv om NM er over, så er det framleis meir som står på programmet for Warholm. Han skal nemleg ut i finale i Diamond League.

På spørsmål om ein siger i finalen der vil vere prikken over I'en, seier han at det var EM-gullet som var årets store mål, men det skin gjennom at han har svært lyst på siger også i Zürich.

Warholm har vore gjennom fire løp på fire dagar no, og det er berre ei veke sidan han gjorde fire løp på fire dagar i EM. Det har med andre ord vore eit knalltøft program for Warholm den siste tida. Korleis får han lada batteria før Diamond League-finalen?

- EM var den store utladinga og dei løpa ein må ha der er på eit nivå som er ein del høgare enn det ein må ha her. Det kostar likevel å kome hit for å gjere det, men eg er van med dette køyret og slike ting som dette er med på å bygge ein base som ein kan bruke i framtida, seier Warholm.

Søndag blir meisterskapen avslutta med 1000 meter stafett. Der er Dimna IL meldt på, men blir det med Warholm på laget?

- Det må eg halde ein kanskje på. Det er så enkelt som at eg må ta litt omsyn til meg sjølv og må kjenne i morgon. No kjenner eg at eg har gjort mykje hittil i NM, men vi må berre sjå. Eg ønskjer alltid å springe for Dimna, men eg trur alle forstår at eg må ta litt omsyn sidan det er viktige ting som skjer også i tida framover, fortel den dobbelte norgesmeisteren.