Laurdag ettermiddag var det klart for 3000 meter kappgang, der Fride Møller Flatin var ein av medaljekandidatane. Merete Helgheim frå Gloppen Friidrettslag var den store favoritten til gullet, men bak henne var det ope om medaljane.

Helgheim tok også kommandoen frå start og den einaste som prøvde å ta opp kampen frå start var Siri Gamst Glittenberg.

Fride Møller Flatin blei liggande i ei gruppe litt lenger bak, men etter eit par runder fann Dimna-utøvaren ut at ho måtte avansere og ho gjekk seg opp til ein tredjeplass.

Deretter starta ho opphentinga av Gamst Glittenberg, som etter kort tid måtte sleppe ryggen til Helgheim. Fride Møller Flatin tok inn litt etter litt og gjekk også opp på andreplass, men ho klarte ikkje riste av seg Laksevåg-løparen.

Ut på siste runda var det Gamst Glittenberg som hadde mest fart å køyre med og ho passerte Møller Flatin med om lag 300 meter igjen. Det klarte ikkje Fride Møller Flatin å svare på, men ho gjekk seg inn til bronsemedalje.