IL Hødd var den største mottakaren av grasrotmidlar i Hareid og Ulstein i 2021. Totalt fekk idrettslaget 315.126 kroner fordelt på 602 givarar. Hareid IL med sine 345 givarar enda på 179.154 kroner.

Grasrotandelen frå Norsk Tipping var i 2021 på totalt 737 millionar kroner nasjonalt. I Møre og Romsdal var Kristiansund Ballklubb den desidert største grasrotmottakaren med 979.086 kroner. Barnekreftforeininga i Møre og Romsdal fekk også mykje støtte med 888.804 kroner. Desse to var dei einaste som fekk meir enn 500.000 kroner i 2021.

Det var totalt 126 mottakarar av Grasrotdel i Hareid og Ulstein i 2021.

Dette er dei ti største grasrotmottakarane i Hareid og Ulstein:

MottakarGivararSum
HØDD IL602kr 315 126
HAREID IDRETTSLAG345kr 179 154
HASUNDGOT IL243kr 95 143
DIMNA IL156kr 77 808
HJØRUNGAVÅG IDRETTSLAG93kr 73 174
FORENINGEN FOR HJERTESYKE BARN120kr 67 967
SUNNMØRE GOLFKLUBB81kr 52 239
HADDAL IL94kr 43 505
BIGSET SKULEKORPS53kr 37 866
HAREID SKULEKORPS53kr 35 294

Som tabellen viser er det idrettslag som er dei største mottakarane i desse kommunane, men ser ein på topp ti i kvar kommune kjem det også med fleire korps, lag og organisasjonar.

Topp ti mottakarar i Hareid kommune:

MottakarGivararSum
HAREID IDRETTSLAG345kr 179 154
HJØRUNGAVÅG IDRETTSLAG93kr 73 174
SUNNMØRE GOLFKLUBB81kr 52 239
BIGSET SKULEKORPS53kr 37 866
HAREID SKULEKORPS53kr 35 294
HJØRUNGAVÅG SKULEKORPS68kr 29 681
BRANDAL IDRETTSLAG19kr 22 088
HAREID SANITETSLAG45kr 21 286
HAREID REVMATIKERLAG22kr 18 798
ISHAVSMUSEETS VENNER36kr 17 578

Topp ti mottakarar i Ulstein kommune:

MottakarGivararSum
HØDD IL602kr 315 126
HASUNDGOT IL243kr 95 143
DIMNA IL156kr 77 808
FORENINGEN FOR HJERTESYKE BARN120kr 67 967
HADDAL IL94kr 43 505
SØRØYANE RØDE KORS102kr 35 207
ULSTEINVIK SKULEKORPS79kr 33 766
BLÅSARANE SUPPORTERKLUBB25kr 20 125
HATLØYA OG BORGARØYA VELFOREINING24kr 16 814
HADDAL MUSIKKORPS53kr 16 750