Etter tre og ei halv veke i Sør Afrika vart overgangen til den tørre hallufta i Ulsteinhallen noko brå for 24-åringen. Dermed var det treningskameraten Simon Blom Breivik frå Ullensaker/Kisa som gjekk heilt til topps på 800 meter under Dimna Games.

– Eg har auka mengda trening meir enn nokon gong. Den aerobe forma mi er utruleg bra, men eg har ikkje trent så mykje på 800 meter. Tida er ok. Eg skulle gjerne ha sprunge endå fortare, men eg kjende at tempoet blei litt for høgt, fortel Andersen, som klokka inn på 1.54,75.

Doblar i Bærum

Til helga ventar NM i Bærum. Der er hovudfokuset på 1500 meter, men planen er å også stille på 800 meter.

– Neste helg kan bli veldig bra. No skal eg bruke veka på å trene litt meir fart, men det er 1500 som blir målet denne gongen.

Sjølv om det ikkje blei heilt full klaff på 800 meteren i Ulsteinhallen for Andersen, meiner han sjølve stemnet var eit skikkeleg blinktreff frå Dimna IL.

– Eg vart nesten sjokkert over at ein klarte å samle like mange som under NM i fjor. Det er det søren ikkje mange i Norge som får til. Det er nok det beste innandørsstemnet som har vore på lenge i Norge. Stemninga er topp og publikum løftar ein fram, seier Andersen som håpar Dimna Games vil bli ein fast tradisjon.

Han trur årets utgåve av stemnet vil vere god reklame for å lokke fleire til seinare arrangement i Ulsteinhallen.

Nesten mållaus

Det er også målet. Leiar i Dimna IL, Trond Berg, fortel at idrettslaget har blitt utfordra av Friidrettsforbundet om å arrangere eit elitestemne. Og årets utgåve gav meirsmak.

– Ein blir nesten mållaus når ein får oppleve utøvarar som Karsten Warholm og dei andre. Det er også kjekt at dei unge som har vore her på KM kan få oppleve den stemninga som kan vere på eit friidrettsstemne.

Berg meiner slike kveldar kan vere med på å utvikle friidretten som ein folkeidrett.

– Det er ikkje berre dei beste som får vise seg fram, men dei beste kan vere med på å dra meg seg dei andre, fortel han.

Berg rosar også arrangørstaben som stod på både før, under og etter stemnet, slik at alt skulle ligge best mogleg til rette for utøvarane.

– Vi har ein fantastisk arrangementsarena, som utøvarane rosar. Her er godt lys og flott atmosfære. Dimna Games trur eg har kome for å bli. Vi får sjå litt korleis ein utvidar det etter kvart, men vi har fått ein god start, meiner Berg.

Knallsterk 200 meter

Ein som har fått ein god start på innandørssesongen er Jonas André Ose. Han vann både 60 meter og 200 meter under Dimna Games, og sette personlege rekordar i begge løpa.

– Det har vore ein fin vinter med mykje jobbing. Eg har hatt bra flyt, fortel Ose.

Han fekk testa at forma er på plass før NM i Bærum, der han også skal springe 60 meter og 200 meter.

– Eg har eit håp om semifinale på begge distansane. I tillegg så blir det stafett med gutane.

Ose forbetra faktisk 60 meter-persen sin to gongar i løpet av helga. Først til 7,06 under Dimna Games, og deretter til 7,04 under KM søndag.

På 200 meter blei forbetringa endå større, då han gjekk frå 22,82 til 22,48.

– 200 meteren gjekk veldig bra. Det er takka vere alle 150 metersøktene til Arve Hatløy. Det har betalt seg. 60 meter har eg kjent meg endå betre på tidlegare, så eg trur eg har eit gir til, fortel ungguten.

Vann lengdekonkurransen: Johanne Rise Kvalen var best i lengdekonkurransen for kvinner under Dimna Games. Med ny personleg rekord på 5,57 sikra ho førsteplassen framom Sigrid Kleive frå Ålesund. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes
Trond Berg kunne gle seg over både eitt flott Dimna Games, men også over eit KM med nesten 300 deltakarar.