I januar 2017 vart Rafael (Rafa) Roldan Bermudez tilsett som fysisk trenar i Hødd. Halvanna år seinare går ferda vidare til svensk toppfotball og Østersunds FK, der han ifølgje Hødd har skrive under på ei 3,5 års kontrakt.

Tidlegare i sommar vart Ian Burchnall henta til Østersunds FK som ny hovudtrenar.

"IL Hødd Fotball og Østersunds FK vart tirsdag enige om ein avtale som gjer at Rafa flytter til Østersund etter helgas kamp mot Stjørdals-Blink", skriv Hødd på sine nettsider.

- Rafa har gjort ein veldig god jobb for oss noko vi er svært takksame for. Når Østersunds FK tok kontakt var det sjølvsagt fleire hensyn å ta i vurderingane, men etter ein god og konstruktiv dialog med både Østersunds FK og Rafa vart vi einige om ein avtale som alle partar er fornøgd med. Det er ei stor tillitserklæring både til Hødd og Rafa at klubbar på dette nivået ser mot Ulsteinvik og Hødd når dei skal knyte til seg dyktige folk, seier sportssjef André Nevstad til klubben sine nettsider.

Rafa Roldan held nøye oversikt over prestasjonane til Hødd-spelarane undervegs i treningane. Foto: Andreas Bjerknes