Johanne Rise Kvalen sørga for ein god start på lørdagen. Ho tok sigeren i høgde i 15-årsklassa med 1 meter og 57 centimeter. Med dette sette ho personleg rekord med heile 7 centimeter.

- Ho er med det berre ein centimeter bak kravet til junior-NM, fortel Dimna IL-trenar Arve Hatløy.

Kevin Svarstad frå Hareid IL vart nummer tre i lengde med 5 meter og 15 centimeter, også det ny personleg rekord.

Masters med gode takter på 200 m

I surt og kalt vær viste Nicolas Roppen Masters (18) gode takter på 200 meter under Framolekene i Bergen fredag kveld. Han sprang inn til siger i 18/19 års-klassa med tida 23,64, som er like bak Masters sin personlege rekord.

Madelen Gustavsen (15) tok sigeren på 800 meter med tida 2.39,16. På 800 meter kom også Johannes Osnes Låbakk på pallen. Han tok 2. plass i 18/19 års-klassa med tida 2.06,52.

Anders Åsemyr tok 3.-plassen på 200 meter i 16 års-klassa med tida 25,75 sekund. Iselin C. Sundgot kom på 4. plass på 800 meter i 14 års-klassa. Ho sprang ein sterk 800 meter, til ny personleg rekord på 2.37,24.

Stine Marø Sundgot sette ny personleg rekord i tresteg med eit lengste hopp på 10,01 meter. Ho er med det ikkje langt frå junior-NM kravet på 10,40 meter.

Kevin Olai Svarstad frå Hareid IL er som sagt også i Bergen på Framolekene. Fredag kom han på 5. plass på 800 meter med tida 2.20,17

Andre resultat fredag:

Johanne Rise Kvalen (15), 200 m, 28,78 (8. plass)

Gard Fjørtoft (13), 200 m, 32,51, (9. plass)

Onar Apelseth (17), 200 m, 24,45, (5. plass)

Andre resultat laurdag:

60 meter jenter 15 år

6. plass Camilla Lauvås 8,98 sek9. plass Andrea Aarland 9,17 sek12. plass Hanne Lydersen 9,53 sek.13. plass Martha Aarland 9,68 sek

60 meter jenter 16 år

5. plass  Stine Marø Sundgot 8,81 sek.

60 meter gutar 15 år

6. plass Jakob Fjørtoft 8,40 sek

60 meter gutar 16 år

4. plass Anders Åsemyr 8,34 sek

60 meter gutar 17 år

6. plass Onar Apelseth 7,64 sek8. plass Robin Rooney 8,03 sek

60 meter gutar 10 år

Oliver Aske 10,47 sek

60 meter hekk gutar 10 år

Oliver Aske 13,03 sek

600 meter gutar 10 år

Oliver Aske 2.09,77

1500 meter jenter 14 år

5. plass Iselin Chemmai Sundgot 5.31,44

1500 meter jenter 16 år

1.plass Isabella Chemmai Sundgot 5.55,01

RekruttSiri Aske (8 år)60 m   11,66 sek

Kevin Svarstad frå Hareid IL tok 3. plassen i lengde med 5,15 m. Kevin er 14 år.

Johanne Rise Kvalen imponerte med 1,57 i høgde i 15-årsklassa. Foto: Arve Hatløy.