Mot slutten av onsdagstreninga til Hødd var det lagt opp til prestisjefulle internkampar. Ja, så mykje prestisje vart det etter kvart at to av spelarane hamna i eit skikkeleg basketak etter ein tøff duell (sjå biletet).

– Fotball er ein kampsport. At det av og til smell litt er slik det skal vere, så lenge spelarane er gode venner etter treningane, seier Hødd-trenar Sindre Eid.

– For slikt tyder vel på at spelarane bryr seg om det dei held på med?

– Ja, det viser at spelarane er «til stades» under øktene. Og det er eg veldig oppteken av. Det betyr at du bryr deg og at du vil lukkast. Så bikkar det av og til litt over. Men det lever vi fint med. Det hadde vore verre om ikkje vi hadde trykk på treningane, meiner Eid.

Hødd møter Sandefjord på heimebane søndag.