Hødd-rekruttane stilte med fire spelarar frå A-troppen i årets første seriekamp i 4.-divisjon. Sivert Pieroth var på plass mellom stengene, medan Martin Mork Breivik og Andreas Breimyr starta i forsvarsfiraren, og Eirik Franke Saunes tok plass på midtbanen.

Hødd 2 fekk også den beste starten på Havila stadion etter scoring frå Isak Haanes sju minutt før pause. Leiinga varte likevel ikkje lenge då Craig Rogers utlikna for Bergsøy tre minutt seinare.

Etter pause var det heimelaget som tok leiinga, då Frank Sverre Skorpen scora på brassespark. Hødd-rekruttane gav ikkje opp og kom ajour etter eit sjølvmål. Dei to laga spelte uavgjort i ein treningskamp tidlegare i vinter, men denne gongen kom det ei avgjerande scoring. Og det var Hødd 2 som fekk den.

Vel halvparten av den andre omgangen var spelt då Hødd fekk straffe og frå 11 meter var Eirik Franke Saunes sikker. Han sette ballen i mål og sikra dermed tre poeng til blåtrøyene.

Hødd starta med dette laget: Sivert Pieroth - Martin Mork Breivik, Aleksander Rekdal, Andreas Breimyr, Johannes Sundgot - Elias Flø, Eirik Franke Saunes, Sveinung Tilseth Sæterås - Bam Hide, Isak Haanes, Håkon Botn Brautaset.

Innbytarar: Peter Hasund, William Fjørtoft, Gustav Dimmen, Sander Djupvik, Petter Worren.

Også Hareid vann sin opningskamp. Heime på Hareidsmyrane enda det 2-1 mot Langevåg.