Is og snø legg band på kunstgraset på Høddvoll. Det skapar store utfordringar for både topp og breidde i Hødd, men klubben kan ikkje ta seg råd til å sette på undervarmen.
Kvitkledd stadion: Så langt i år har vinteren skapt til dels store utfordringar for Hødd. Den snødekte bana fører til at a-laget må trene i Ulsmohallen, medan mange av dei andre laga anten må redusere treningstidene, trene på mindre bane eller avlyse treningar. Hødd må også leige seg inn til dømes på Color Line Stadion for å få gjennomført kampar. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes.
Foto: Andreas Steinnes Bjerknes