Dimna-guten Karsten Warholm gjorde det skarpt under Bauhaus Junioren-Gala i Mannheim, Tyskland sist helg. Dette var den siste store testen før 19-åringen reiser til Sverige for å tevle i junior-EM i midten av juli.

Men under tevlinga i Tyskland var det også ein annan nordmann, med røter frå Ulsteinvik, som hevda seg.

Warholms jamaldring Even Meinseth, som er son til Frank Otto Meinseth og barneborn til Tor Meinseth, gjorde det også svært bra i Mannheim.

Meinseth, som no bur i Grimstad, sprinta inn til tida 21,07 sekund på 200-meteren, som er norsk juniorrekord for gutar.

Den gamle rekorden på 21,13 sekund var det også Meinseth som sette tidlegare i år, som han no forbetra med 0,06 sekund.

- Det er heilt fenomenalt. Det var jo fleire norske som hadde om lag den same tida, så desse gutane har fått fart på beina, seier ein svært imponert Ståle Jan Frøynes, som jobbar med juniorane i Noregs Friidrettsforbund.

Ettersom sesongen berre er halvvegs drøymer Frøynes om at juniorane skal klare å kome ned på 21,00 sekund.

*

PS: I papirutgåva tysdag vart det skrive at Karsten Warholms tid på 200-meteren i Mannheim var 0,24 sekund svakare enn sin personlege rekord. Det skal sjølvsagt vere motsett - at den var 0,24 sekund betre enn sin personlege rekord.