For i slalåmkonkurransen i U14-klassa klatra Anny Våge Molvær heilt opp på ein andreplass.

Alpinisten representerer Ørsta IL Alpin, og ørstingane leverte svært gode resultat i Hemsedal. I storslalåm kom Våge Molvær dessverre ikkje til mål i den første omgangen, men i staden tok Mathea Stranden kommandoen med bestetid i første omgang. Også i den andre omgangen var Ørsta-jenta raskast og vann dermed heile konkurransen.

Slo til i andreomgangen

Søndag var det slalåmen som stod for tur, og då skulle også Anny Våge Molvær for alvor få vise seg fram.

Det blei likevel ikkje heilt full klaff i den første omgangen, og Våge Molvær var nesten to sekund bak leiaren. I finaleomgangen var det derimot ingen som var betre enn Våge Molvær. Ho var godt over sekundet betre enn neste jente og klatra heilt opp til ein knallsterk andreplass. Det i konkurranse med godt over 70 deltakarar frå heile landet.

Avslutta sterkt: Anny Våge Molvær leverte klart beste tid i andreomgangen under slalåmrennet i ECO-cup i Hemsedal i helga. Det førte henne heilt opp på ein andreplass i konkurranse med mange av landets mest lovande alpinistar. Ørsta IL Alpin gjorde det skarpt i U14-klassen. I tillegg til andreplassen til Våge Molvær sikra Mathea Stranden sigeren i storslalåm laurdag. Foto: Ørsta Alpin