Sportssjef André Nevstad i Hødd stadfestar tysdag ettermiddag at Sivert Heltne Nilsen blir Vålerenga-spelar frå 1. januar 2014.

Heltne Nilsen har signert ein treårskontrakt med Vålerenga, melder VIF på sine eigne sider.

Det har lenge vore spekulert i kva klubb Heltne Nilsen ville gå til, og AaFK har vore ein heit kandidat. Men no har voldingen altså valt Vålerenga.

- Skal gi hundre prosent for Hødd i haust

- Vi hadde sjølvsagt eit sterkt ønske om å få med oss Sivert vidare, men har etterkvart forstått at han var lysten på nye utfordringar. Det må vi berre akseptere, seier André Nevstad til hodd.no

Nevstad legg vekt på at det er avgjerande for Hødd sitt utviklingsmiljø at klubben har spelarar som vil nå langt med fotballen.

- Vi gler oss på Sivert sine vegne, som har jobba knallhardt for å bli fotballspelar på høgste nivå i Norge. Men først skal han gi 100 prosent i Hødd-drakta slik at klubben utover hausten kan kjempe om ein opprykksplass til Tippeligaen, held han fram.

Vil spele seg inn i stallen

- Eg er veldig, veldig nøgd, og ser verkeleg fram til å kome hit. Eg har fått ei svært godt inntrykk av klubben, seier Heltne Nilsen til vif-fotball.no

- Eg var klar på at eg ville spele i Tippeligaen neste år. Så når Vålerenga kom på banen, var eg veldig klar for det, seier han vidare.

Heltne Nilsen innser at tippeliga-spel blir eit nivå opp.

- Så det gjeld å tilpasse seg. Men det ser eg fram til, seier Nilsen. Han vil gjere alt han kan for å spele seg inn på den defensive midtbaneplassen i Oslo-klubben.

- Har pondusen i seg

- Han er norsk, ung og talentful. Han har den pondusen i seg som vi treng for framtida, seier Kjetil Rekdal til vif-fotball.no.

Rekdal legg vekt på at Heltne Nilsen er ein leiartype som likar ansvar og som tek ansvar.

- Han er ein som kan styre laget frå sin posisjon, seier Rekdal.

Vålerenga har fleire spelarar på utgåande kontrakter, og ifølgje Rekdal er Heltne Nilsen signert med tanke på å erstatte desse.

- Vi må tenke litt på framtida også, seier Rekdal.