Allereie fredag ettermiddag går dei første øvingane under friidretts-UM i Steinkjerhallen. Det er Steinkjeralliansen, med til saman fem idrettslag, som står som arrangørar av meisterskapen.
Til Steinkjer reiser ei stor gruppe frå Dimna IL. 21 utøvarar frå klubben står på startstreken i løpet av helga. Det gir totalt 47 startar, samt nokre stafettar mot slutten av UM.
Og akkurat stafett, eller i det minste vekslingane, var det Dimna-gjengen trente på då lokalavisa var innom Ulsteinhallen tysdag. For denne øvinga blir det ikkje trent altfor mykje på vanlegvis, og då kan det vere greitt å sjekke at vekslingane fungerer sånn nokolunde.
Trur på medaljar
– Vi reiser oppover med ein stor tropp, heile 21 utøvarar og mange av dei er debutantar. Difor er vi også litt spente på korleis det kjem til å gå. Samstundes har vi nokre som har vore med på dette før og vi satsar på litt medaljar denne helga også, fortel Dimna-trenar Arve Hatløy.
Dimna IL har mellom anna med ein del utøvarar som også var med under senior-NM innandørs tidlegare i vinter. Der fekk fleire av dei prøve seg mot nokre av dei klart beste utøvarane i landet, noko som kan gje verdifull erfaring når det no er dei beste i si aldersgruppe Dimna-utøvarane skal opp mot.
– Både Caroline (Amalie Sætre) og Johanne (Rise Kvalen) har vist god form tidlegare i vinter. Vi har også Jonas (André Ose) som ikkje fekk vere med på NM grunna sjukdom. No skal han ha tre øvingar denne helga og han er nok kanskje gullfavoritt på alle tre, vurderer Hatløy.
Ose stiller på 60 meter, 60 meter hekk og 200 meter i Steinkjerhallen. Under innandørs-UM 2017 vann han alle tre øvingane i G15-klassen.
Dimna-troppen til UM er også i år solid, sjølv om den var endå større i 2017, då 27 Dimna-utøvarar deltok. Det viser likevel at breidda i klubben er stor, og Arve Hatløy fortel at det kunne ha vore endå fleire som tok turen til Steinkjer.
– Vi har ein del i dei eldste klassene som ikkje stiller denne gongen. Dei har avslutta innandørs og satsar no mot utandørssesongen. Vi har stor breidde i Dimna IL og blir nok ein av dei større klubbane under meisterskapen, trur Hatløy.
Eit høgdepunkt
For mange av Dimna sine representantar under UM er meisterskapen i Steinkjer høgdepunktet i innandørssesongen.
– For dei yngste, 15 og 16-åringane, så er det dette dei har trent for heile vinteren og no får dei sjansen til å prestere. Dette er høgdepunktet og også avslutninga av innandørssesongen, fortel Hatløy.
Utøvarar frå Dimna:
G15:
August Anton Winsnes: 1500m, 800m
G16:
Daniel Ottesen Engan: 1500m, 800m
Mats Fredriksen: 1500m, 800m
Eivind Andreas Teige Grov: 200m
Jonas André Ose: 200m, 60m, 60m hekk
G18/19:
Sture Måseide: 200m, 60m
Jakob Fartein Mortensen Fjørtoft: 60m
Iver Saunes Moldskred: kule
J15:
Henrikke Antonsen: 1500m kappgang, kule
Elin Skavnes Våge: kule
Elise Garnes Kleven: kule
J16:
Anette Lydersen: 1500m kappgang, kule
Oline Rise Kvalen: 1500m kappgang, kule
Anna Garnes Kleven: 200m, 60m, lengde
Kornelia Roppen: 60m, 60m hekk, høgde
Leonita S. Brandal: 60m
Malene Skaar Berg: 60m, kule, stav
Synne Håheim: 800m, lengde
J17:
Caroline Amalie Sætre: 400m, 60m hekk, høgde, kule, lengde, stav
J18/19:
Johanne Rise Kvalen: 200m, 60m, høgde, lengde
Menn U23:
Sander Ringstad Kanestrøm: 60m, kule