Isak Sundgot har signert for Hareid IL. Det melder Hareid IL på nettsidene sine måndag kveld.
Sundgot har bakgrunn frå Hasundgot sitt A-lag og frå aldersbestemte lag i IL Hødd. Hareid IL seier at Sundgot vert rekna som ein allsidig og god spiss og at dette er ein type spelar Hareid ikkje har hatt for mange av siste åra.
I følgje Hareid IL har laget mista elleve spelarar sidan i fjor haust. Isak Sundgot er såleis eit kjærkome tilskot til klubben. Han er den tredje spelaren Hareid hentar i oppkøyringa til sesongen. I tillegg har Ole André Nevstad Kragset gjort comeback.
Hareid IL melder elles om at det har vore greitt frammøte og god stemning på treningane no i januar.
A-lagsstallen tek til å ta form, men idrettslaget påpeikar at ein ekstra keeper kunne ha gjort seg. Det er berre ein keeper i senioralder som er på trening for tida, nemleg Herman Heimland.