I helga konkurrerte born og unge frå Ulstein, Ålesund og Molde i segling.

Monica Vermeer i Ulstein Seilforening fortel at jollemiljøet er i ferd med å ta seg opp i Ulstein. Det låg litt nede ei stund, men no er dei på tur oppover. I fjor hadde dei ein person som deltok i MR Cup, i år har dei seks.

– Eg prøvde jollesegling på Go With The Flø i fjor. Det var artig, så då byrja eg med segling, fortel Johannes Kaul til Vikebladet Vestposten.

– Det er litt vanskeleg å segle aleine. Eg må halde roret, seglet og gjere alt anna på ein gong, fortel han.

Edvard Leirvik og Sigvald Sætre fortel at dei har drive med segling omtrent eit år. Dei er alle tre 13–14 år, og trivst godt i seglemiljøet i Ulstein. Kvar tysdag er dei på segling i seglforeininga. Elles hender det at dei seglar i helger.

Må kunne symje

Erik Leenders i jollegruppa fortel at ein ikkje treng å ha eigen seglbåt for å vere med å jollegruppa, det har klubben til utlån. Men borna må kunne symje og ha ein våtdrakt for å vere med. Dei er no 10–14 born med.

MR Cup er ein cup for unge seglarar i Møre og Romsdal. Det går på omgang mellom seglforeiningane å arrangere desse regattaene. Det er fem kvar sesong, og dette var den tredje for i år.

Tre jolletypar

Det er tre forskjellige jolletypar. Jo større borna er, jo større jolle får dei segle.

Dei har fleire ledige båtar, så dei har plass til fleire i jollegruppa.

Resultat:

Laser 4.7

1. Ingrid Bøen ÅS

2. Johannes Molvik MS

3. Sigrid Molvik      MS

4. Andre Fugledal ÅS

5. Ingrid Søvik ÅS

6. Audun Sund ÅS

7. Abel Horneland MS

8. Anna Holsbøvåg MS

9. Sebastian Fosserud ÅS

Optimist A

1. Eik Bøen ÅS

2. Maya Moen ÅS

3. Live Kristiansen MS

4. Georg Grønfur ÅS

5. Adeline Rafaelsen ÅS

6. Ida Skaar MS

Optimist B

1. Boris Leenders US

Zoom 8

1. Johannes Kaul US

2. Sigvald Skeide US

3. Edvard Leirvik US

4. Tarjei Torgersen US

5. Magnus Winter US