I ei pressemelding frå Hødd går det fram at klubben sin daglege leiar Kari Mette Sundgot har sagt opp si stilling og vil slutte i Hødd i løpet av sommaren.

Ifølgje pressemeldinga skal Sundgot ha takka ja til andre utfordringar utanfor klubben.

"Styret og kollegiet i Hødd vil takke Kari Mette for jobben ho har gjort som økonomiansvarleg i klubben dei siste tre åra, og dei seks siste månadane også i stillinga som dagleg leiar. Kari Mette har stor fagleg kompetanse og gode leiareigenskapar, og klubben har hatt stor glede av dette i desse åra", skriv Hødd i pressemeldinga.

Økonomisjef

Sjølv fortel Kari Mette Sundgot til Vikebladet Vestposten at ho fekk eit tilbod som var for freistande til å seie nei til. Ho skal etter kvart over i stillinga som økonomisjef i Volda kommune.

- Eg har vore gjennom ein prosess med dette dei siste vekene, det er ingen dramatikk i det. Eg har hatt tre fantastiske år i Hødd, med kjempeflotte kollegaer og opp- og nedturar. Hødd er ein stor del av livet mitt og folk kjem til å sjå meg ofte på Høddvoll også i tida framover, seier Sundgot.

Startar opp leitinga

Styreleiar Håvard Haanes i IL Hødd Fotball fortel at styret i klubben hadde eit møte tysdag der oppseiinga var tema. Der vart det bestemt at ein skal lyse ut stillinga og at to av styremedlemma skal sette i gang arbeidet med å finne ut kva slags kompetanse ein ønskjer den nye daglege leiaren skal ha.

- Vi håpar å ha funne den rette personen i løpet av juni. Det betyr ikkje at vedkomande er på plass i klubben, men at vi har funne den som kan ta over stillinga. Eg har eit håp om at vi skal unngå å få ei lengre periode utan dagleg leiar, seier Haanes.

Han legg til at ein no ønskjer å gjennomføre ein ryddig prosess for å finne klubben sin nye daglege leiar, og rosar samstundes Kari Mette Sundgot for den jobben ho har gjort.

- Vi synest det er synd at ho reiser vidare. Kari Mette har gjort ein kjempejobb i Hødd som økonomiansvarleg og har fått ein god start i stillinga som dagleg leiar. No har ho blitt freista av ei anna stilling og då må vi jobbe for å finne ei god løysing, seier Haanes.