Obosligaen er nærast umogeleg å tippe. Alle slår alle, og sjeldan er noko endeleg avgjort før i siste runde. Sist sesong endra "alt" seg berre i løpet av sesongens siste minutt.

Også denne sesongen ser det ut til å verte eit bikkjeslagsmål om å unngå dei fire nedrykksplassane. Det er ekstra viktig denne sesongen, sidan ein går ned til to avdelingar i 2.-divisjon frå neste sesong, og det då vil vere maks tre lag som rykkjer opp og ned mellom 2.-divisjon og Obosligaen.

Hødd er dessverre i den situasjonen at dei står i fare for å rykke ned. Med fem runder igjen av sesongen har vi sett på kampprogrammet til laga som kjempar for å unngå nedrykk. Som nemnt er det nærast umogeleg å tippe kva som skjer i Obosligaen, men vi gjer eit forsøk likevel.

Slik er ståa på nedre halvdel:

9Åsane258710-131
10Fredrikstad258710-531
11Hødd258512-1329
12Ullensaker/Kisa257711228
13Ranheim258413-1228
14KFUM255812-1223
15Bryne254813-2020
16Raufoss255317-2018

Åsane:

Bryne (B) - Uavgjort - Åsane har ikkje vunne på sine seks siste kampar, men har to uavgjorte på dei tre siste. Bryne må ha poeng, og har slått Raufoss og Levanger i det siste, men også tapt for Ull/Kisa.

Strømmen (H) - Tap - Strømmen tapte sist mot FFK, men har vist bra form den siste tida og kan bli eit tøft hinder for Åsane.

Levanger (B) - Uavgjort - Levanger var svært gode lenge, men har no den dårlegaste formutviklinga i Obosligaen. To lag i dårleg form gir uavgjort?

Sandnes Ulf (H) - Tap - Sandnes Ulf kan framleis klare direkte opprykk, men då må dei ta mykje poeng i innspurten. Har mykje å kjempe for og blir tøffe for Åsane.

Ranheim (B) - Uavgjort - Ranheim har seks tap på dei sju siste, men slo Levanger sist. Her kan alt vere avgjort for begge lag, eller dei kan ha alt å spele for. Heilt ope.

Fredrikstad:

Sandefjord (B) - Tap - Sandefjord er i førarsetet for å ta andreplassen og vil ikkje gje frå seg poeng i lokaloppgjeret.

Ranheim (H) - Siger - Ranheim har slitt, medan FFK har fått eit løft med Mjelde.

Kristiansund (B) - Tap - KBK styrer mot siger i årets Obosliga og blir for tøffe for FFK.

Kongsvinger (H) - Uavgjort - Kongsvinger ligg an til å klare kvalifisering og kan også blande seg inn i kampen om direkte opprykk, men då må laget ha fullklaff.

Bryne (B) - Siger/Uavgjort - Mykje vil nok avhenge av om Bryne allereie er klare for nedrykk, eller om laget har mykje å spele om i siste serierunde.

Hødd:

Jerv (H) - Uavgjort - Begge lag må ha poeng, men av forskjellige grunnar. Hødd med mykje å revansjere mot Jerv.

Sandefjord (B) - Tap - Hødd tapte 1-3 heime og Sandefjord på opprykksjakt blir svært vanskelig.

Bryne (B) - Uavgjort - Hødd si borteform har vore begredelig, men tok poeng borte mot Åsane sist. Møter eit lag som scorar lite.

Strømmen (H) - Siger - Det blir vanskelig, men her må nok Hødd ha tre poeng, så spørs det korleis det slår ut.

Sandnes Ulf (B) - Tap - Det blei siger borte mot Sandnes Ulf i fjor, men då spelte Hødd om å rykke  opp. Blir ein tøff kamp uansett.

Ullensaker/Kisa:

Strømmen (B) - Tap/Uavgjort - Ull/Kisa i brukbar form, spesielt heime, men Strømmen er truleg hakket betre.

Kristiansund (H) - Tap - Kristiansund er tøffe og vil nok sikre opprykket så rast som råd.

Sandnes Ulf (B) - Tap - Tre tøffe på rappen for Ull/Kisa. Sandnes Ulf med eitt tap på dei ti siste blir vanskelig.

Ranheim (H) - Siger - Har vore betre enn Ranheim den siste tida, scorar meir og slepp inn mindre.

Kongsvinger (B) - Uavgjort/Tap - Her kan mykje avhenge av kor mykje Kongsvinger har å spele for. Er dei allereie klare for kvalik, eller må dei ha poeng for å sikre play-off?

Ranheim:

KFUM Oslo (H) - Siger - Ranheim i dårleg form, men "Kåffa" har fire tap på rad. Her kjem det femte.

Fredrikstad (B) - Tap - Ranheim har slitt, medan FFK har fått eit løft med Mjelde.

Raufoss (H) - Siger - Raufoss ser nærast fortapte ut.

Ull/Kisa (B) - Tap - Ull/Kisa har vore betre enn Ranheim den siste tida, scorar meir og slepp inn mindre.

Åsane (H) - Uavgjort - Denne kan verte avgjerande for begge lag.

KFUM Oslo:

Ranheim (B) - Tap - Ranheim i dårleg form, men "Kåffa" har fire tap på rad. Her kjem det femte.

Levanger (B) - Tap - Levanger også i dårleg form, men bør vere betre enn KFUM Oslo heime.

Jerv (H) - Tap - Det blir for tøft mot eit lag som kjempar i toppen.

Mjøndalen (B) - Tap - Mjøndalen i klart betre form.

Raufoss (H) - Uavgjort - Her kan begge allereie vere klare for nedrykk.

Bryne:

Åsane (H) - Uavgjort - Åsane har ikkje vunne på sine seks siste kampar, men har to uavgjorte på dei tre siste. Bryne må ha poeng, og har slått Raufoss og Levanger i det siste, men også tapt for Ull/Kisa.

Jerv (B) - Tap For tøft borte i Grimstad. Jerv taper nesten ikkje kampar.

Hødd (H) -  Uavgjort - Hødd si borteform har vore begredelig, men tok poeng borte mot Åsane sist. Bryne scorar lite, det passar Hødd.

Sandefjord (B) - Tap -  Lars Bohinen sine menn blir for sterke.

Fredrikstad (H) - Tap/Uavgjort - Mykje vil nok avhenge av om Bryne allereie er klare for nedrykk, eller om laget har mykje å spele om i siste serierunde.

Raufoss:

Sandnes Ulf (B) - Tap - bør bli tøft mot Engblom og co.

Kongsvinger (H) - Tap - For tøft mot eit godt bortelag.

Ranheim (B) - Tap - Også Ranheim i dårleg slag, men Raufoss slit endå meir.

Levanger (H) - Tap - To lag med svak formutvikling. Levanger truleg hakket betre.

KFUM Oslo (B) - Uavgjort - Her kan begge allereie vere klare for nedrykk.

Kva skjer då?

Dersom denne uhøgtidlege tippinga skulle slå til vil vi få dette utfallet i botnen av tabellen (tal i parantes er alternativ poengsum for lag som er vurdert til Tap/Uavgjort - Siger/Uavgjort):

38 - FFK (36)

35 - Ranheim

34 - Åsane

33 - Hødd

(Nedrykk):

32 - Ull/Kisa

23 - KFUM Oslo

22 - Bryne (23)

19 - Raufoss

Forbehold:

Det er ikkje tatt høgde for skader og karantener, berre formutvikling siste ti kampar. Dette er ei uhøgtideleg og subjektiv vurdering av dei attståande kampane for dei åtte laga på nedre halvdel.