Torsdag vart det klart at Isak Gabriel Skotheim har signert ny toårskontrakt med Hødd. Før avtalen vart signert hadde den offensive spelaren fleire gode samtalar med Hødd sin nye hovudtrenar. Skotheim stod utan kontakt etter 2021-sesongen.

– Det er veldig deilig. Førsteinntrykket etter sesongen i fjor var at eg ville halde fram her og det blei forsterka etter eg møtte Joakim (Dragsten) og August (Nyland Ørsahl). Eg hadde ein prat på telefon med Joakim før han kom hit, og fekk eit veldig godt inntrykk. Eg har jo vore her og trent etter oppstarten, og likar meg godt saman meg gjengen og med trenarteamet, så dette er absolutt noko eg vil vere med på, seier Skotheim til Vikebladet Vestposten.

Sportssjef Jesper Törnqvist har tidlegare sagt at ein var i dialog med spelaren som blir 21 i april, men at Skotheim ønskte å ta ein prat med Hødd sin nye trenar før han bestemte seg for framtida.

– Ein trenar kan jo ikkje gje så mange svar før han har sett deg, men eg ønskte å vite kva han tenkte. Alt gjekk ikkje som eg ville i fjor under Knappen og eg fekk ikkje spele så mykje som eg kanskje meinte sjølv at eg burde. Eg følte at eg bidrog dei gongane eg spelte. Difor var det viktig for meg å få eit godt bilete av Joakim før eg bestemte meg, seier ulsteinvikaren.

Før fjorårssesongen satsa Skotheim på endeleg få mykje speletid for Hødd. Det såg også lovande ut i oppkøyringa, men det blei ikkje meir enn tre seriestartar i løpet av sesongen.

Kva slags rolle ser du føre deg i år?

– For meg er det viktig at eg får ei sentral rolle. Eg ønskjer å bli ein veldig viktig spelar, som bidreg med mykje mål og målpoeng. Det er målet. Vi ønskjer også å forbetre fjoråret og det trur eg vi skal få til. Det er viktig for meg å få spele mykje og så skal eg bidra med det eg kan bidra med, seier Skotheim.

Første sjansen til å vise kva han kan by på kjem allereie laurdag, då Hødd spelar årets første treningskamp. Den går borte mot Sogndal.

– Det blir spanande å sjå korleis vi ligg an samanlikna med dei. Det er første treningskampen, så det blir nok litt "hawaii", men det blir kjekt å spele igjen.

Kva inntrykk har du fått av nyetrenaren?

– Veldig bra. Eg likar måten han tenkjer på og måten han ønskjer å stå fram på. Den passar meg godt og var sjølvsagt viktig for at eg ville halde fram her. Eg er veldig fornøgd med både Joakim og August, seier Skotheim, som også ser fram til å møte Ørjan Heiberg, som snart sluttar seg til Hødd som assistenttrenar.

Joakim Dragsten er også godt fornøgd med at Skotheim har skrive under på ny kontrakt.

– Vi har snakka litt om framtida hans, framtida til klubben og litt om mine tankar om både spelestil, leiarskap og litt av kvart. Vi hadde ein veldig fin prat rett over nyttår og har snakka mykje no etter at eg kom opp hit. Der har vi prøvd å finne ut litt kva eg ønskjer av han og kva han er ute etter sjølv. Eg trur det blir kjempebra! Han er ein veldig god spelar, som har mykje uforløyst potensial. Slik eg har forstått det så har han tidvis slite litt med skader, så det handlar om å halde han skadefri, svolten og i god form. Då trur eg han vil gje oss mykje, seier Dragsten.