Du har med andre ord knappe seks veker på å kome deg i form på.
Gir seg aldri
Dette stadfestar at løpsarrangørane i Hareid IL-systemet «aldri» gir seg:
Grimstadvatnet Rundt har vore halde 140 gonger, Snipsøyrvatnet Rundt 36 gonger og den populære fjellorienteringa går i år for for 27. gong.
Lite tyder på at nokon av desse tiltaka vil gå inn med det første.
I nyetraseen for tredje gong
Som i 2014 og 2015 går NV Maraton i den nye traseen frå Hareid stadion – fram Rotarystien og rundt Snipsøyrvatnet. Heilmaratonløparane spring traseen to gonger.
I heile perioden 1991-2013 gjekk løpet i vegtraseen frå Rundebrua til Hareid stadion. Men på grunn av den store biltrafikken der vedtok arrangørane å satse på ny trasé frå og med 2014.
Jubilantar
I fjor vart det gjort særleg stas på Kjell M. Fagerlund og Per Arne Pedersen, som begge då hadde delteke i samtlege utgåver av NV sidan starten i 1991.
Løpet hadde 8 deltakarar på full distanse og 33 på halv. Deltakartalet på full distanse var det lågaste som har vore.
Den nye traseen i 2014 førte til det høgaste deltakartalet sidan 1997 med 21 deltakarar på heil distanse og 45 på halv. Men i fjor sprang altså berre 8 full distanse, medan 33 sprang halv.
Blir det betre i år?