I jula vart det klart at Bendik Rise skifta ut Ulsteinvik og Hødd med Austlandet og spel i 1.-divisjon. No er spørsmålet om også Eirik Franke Saunes vere på veg austover.

Denne veka trener nemleg Saunes med Stabæk. Laget frå Bærum rykte ned frå Eliteserien i fjor, men er eit tradisjonsrikt lag som vann Eliteserien så seint som i 2008.

– Eg får meg med treninga her fredag, før eg reiser til Sogndal for å møter gjengen der laurdag, fortel Franke Saunes. Laurdag spelar Hødd treningskamp mot Sogndal og der skal 23-åringen vere med.

Men fram til då trener han med Stabæk.

Blitt lagt merke til

23-åringen fekk sin offisielle Hødd-debut i første runde av NM i 2017. Den sesongen var han involvert i 15 seriekampar for klubben og totalt har Franke Saunes spelt 116 kampar i serie og cup for Hødd. Sist sesong spelte han alle Hødd sine kampar og leverte solide offensive bidrag med 10 scoringar frå sin kantposisjon. Det har også ført til aukande interesse for den løpssterke spelaren.

– Eg fekk melding frå rådgjevaren min for eit par veker sidan om at Stabæk ville ha meg over på eit treningsopphald, for å bli litt betre kjende med meg og vurdere meg som spelar. Eg har blitt lagt merke til etter fjorårssesongen og det har vore litt interesse, så då Stabæk dukka opp var det ikkje vanskeleg å takke ja til det. No får eg litt nye impulsar og blir litt kjend med dei også, seier Franke Saunes.

Han reiste nedover søndag og har så langt vore gjennom fire treningsøkter i løpet av to dagar. Det inkluderer mellom anna hans andre yoyo-test på tre dagar.

– Det har vore veldig fysisk tøft. Det har vore veldig profesjonelt opplegg, med frukost klokka 9 og fotballøkt 10. 30. Deretter er det lunsj før vi går rett på ny økt. I går var det styrkeøkt og i dag hadde vi ny fotballøkt. Det har vore fire ganske tøffe økter på to dagar. Mykje fysisk, mykje med ball og mykje angrepsspel, fortel han.

Eirik Franke Saunes har spelt i Hødd heile karrieren og er ein del av den gode 98-årgangen i klubben. Der er det han, Bendik Rise og Daniel Eid som har halde det gåande lengst. Eid vart nyleg klar for IFK Norrköping i den svenske toppserien, etter overgang frå Sogndal, medan Bendik Rise skal spele 1.-divisjonsfotball for Skeid.

Som kullkamerat Rise signerte også Eirik Franke Saunes ny toårskontrakt med Hødd før 2021-sesongen og han har såleis eitt år igjen av kontrakten med Hødd.

Vil nå så langt som råd

Også Franke Saunes har byrja å vurdere moglegheitene for å ta eit nytt steg i fotballkarrieren.

– Ja, eg er jo alltid ute etter å ta steg og har mål om å nå så langt som råd i fotballen. Då kan ein ikkje spele i 2.-divisjon for alltid. Vi var veldig nære eit opprykk i fjor, som ville gitt oss Obosligaspel. No har eg byrja å bli litt gammal og ein dag må ein ta steget vidare, men om det blir no eller etter neste sesong må vi berre sjå, seier han.

Samstundes legg han til at det ikkje er noko han stressar med og at dersom det skulle kome eit tilbod, så vil han ta ei vurdering av det.

– Eg har eit år igjen med Hødd, som ser ut til å bli veldig bra i år også.

Kva er det dei ønskjer å finne ut av om deg?

– Dei manglar ein vingback på venstresida, så det er vel først og fremst der eg blir vurdert. Noko særleg meir enn det veit eg ikkje.

Kva håper du å få ut av treningsveka der nede?

– Det er å sjå kvar lista ligg. Stabæk er jo eit lag som eg meiner høyrer heime i Eliteserien og eit lag som er med på å utvikle unge spelarar og hjelpe dei vidare. Eg håper å sitte igjen med gode erfaringar om kva eg må jobbe vidare med for å bli best mogleg. Det er også kjekt å kjenne på korleis det er å leve eit endå meir toppidrettsliv enn det ein får til i Hødd, med tanke på alt som er rundt treningane, fortel Franke Saunes.

Om det blir noko meir med Stabæk enn denne treningsveka står att å sjå, men ulsteinvikaren slår fast at han kjem til å gjere det han kan for å levere ein så god søknad som mogleg.