I motvinden på Byrkjelo stadion sprang Ose inn til 23,04 i forsøket og sneik seg dermed vidare til semifinale som den fjerde og siste av dei som ikkje gjekk direkte vidare.

I semifinalen gav Ose alt, men med eitt tungt løp i beina gjekk det ikkje like fort denne gongen og det var nok ikkje hjelp i at motvinden var endå sterkare enn i forsøket. Ose kom i mål på 23,56.

Ungguten var godt fornøgd med prestasjonen etter to tøffe løp laurdag.

- Det var slitsomt, men det er god trening. Det er ikkje her eg skal hevde meg og målet her var å nå semifinalen. Resten var berre ein bonus, fortel Ose.

Både i forsøket på 100 meter og i begge løpa på 200 meter har Ose fått kjenne på skikkeleg motvind i løpa sine, men det har han visst blitt ganske van med.

- Denne sesongen har vinden alltid vore mot meg, men det er likt for alle, seier Ose.

Det vart nokre spanande minutt etter forsøket, der Ose måtte vente på å sjå tidene i dei andre heata for å finne ut om han kom til semifinalen, men i utgangspunktet hadde han ikkje venta å gå vidare.

- I det første løpet så tenkte eg at eg skulle berre gje alt, sidan det mest sannsynlig ville vere einaste løpet i dag. Så blei det to løp likevel og det var temmeleg tungt, men eg er i såpass bra form no at det gjekk bra, seier Ose. Det lovar godt før junior-NM på Bislett om ei veke.

Semifinalen på 200 meter var det siste individuelle løpet for Ose, men truleg stiller han og Dimna IL med stafettlag på 1000 meter stafett søndag.

- Det blir gøy!

Der kan kanskje Dimna blande seg inn heilt i toppen, men Ose har allereie fått prøve seg mot dei beste i Norge på sprint og sprang mellom anna forsøk på 200 meter mot Jonathan Quarcoo, som tok gull på 100 meter fredag.

- Det er ganske kjekt. Her kjem eg til forsøket som ein liten drittunge og så er eg så sleip at eg tek meg vidare. Eg vart kasta litt til ulvane, men det er berre kjekt, slår Ose fast.

Jonas André Ose nådde målet om semifinale på 200 meter.