Vi må heilt tilbake til 2008 for å finne temperaturar som matchar dei som er meldt for Hareidlandet komande jonsokkveld. Meteorologisk institutt har meldt temperaturar mellom 8 og 9 grader rundt klokka 19 og dette omtrent det samme som vart registrert ved målestasjonen i Hovdebygda jonsokkvelden 2008.

I tlllegg kan det det bli både liten kuling og regn.

Vi er ikkje akkurat vekkskjemde med fint vêr på jonsokkvelden, men åtte varmegrader er likevel uvanleg kaldt. I fjor var temperaturen klokka 19 12,5 grader på jonsokaftan, medan tilsvarande målingar året før synte heile 16,3 grader. Varmaste jonsokkvelden dei siste ti åra var i 2012. Då synte termometeret i Hovdebygda 20 varmegrader.

For å finne lokale jonsoktemperaturar nede på 8-talet må vi så langt tilbake i tid som til 23. juni 1967. Målinga vart rett nok utført ved fyrstasjonen på Svinøya og der ligg sommartemperaturane gjerne noko lavare enn det dei gjer inne på land.