Meteorologane på Yr.no trur på mykje godt vêr på våre kantar også den komande tida. I langtidsperioden er det berre søndag kveld det er venta noko nedbør, men elles ser det ut til at Sunnmøre skal få mykje godt vêr og stort sett opphaldsvêr den komande perioden.

Ifølgje Yr.no vil temperaturane i vårt område truleg variere frå 10 til 18 grader på dagtid. Måndag ventar dei nattetemperatur ned mot 7 grader, men allereie tysdag skal temperaturane gjere eit byks igjen.