Spår kuling og regnbyger til helga

Vått: Vi kan vente oss vått vêr i dagane framover. 

Været

Det kan sjå ut til at komande helg vert ei grå og fuktig affære. Dagane fram mot helga er prega av vind og nedbør, og i følgje meteorologisk instistutt sitt langtidsvarsel på Yr.no ser det ikkje ut til at vêret kjem til å betre seg når helga kjem.

I morgon torsdag er det meldt vestleg stiv og tildels sterk kuling utsette stader. Vinden vil dreie mot sør og sørvst i løpet av formiddagen. Det vert regn og regnbyger og uttrygt for torevër til kvelden

For fredag melder meteorologane sørvestleg liten til stiv kuling som vil minke til frisk bris utover ettermiddag, men framleis kan vi rekne med regnbyger.

Laurdag morgon aukar vinden og skiftar frå sørleg bris til vestleg og opp i liten og kan hende stiv kuling på kysten. Det vert også meldt litt regn som vil gå over i regnbyger seinare på dagen.