Ingen rapporterte skader i Ulstein eller Hareid etter stormfloa: - Det var ei lukke at det ikkje var vind eller storm

Slik såg fortauet ved sjøkanten i Ulsteinvik ut natt til tysdag.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Været

Vassstanden var venta å stige mellom 80-100 centimeter over normalen fleire stader i Møre og Romsdal. Heldigvis er det ikkje rapportert om materielle skader i verken Ulstein eller Hareid etter stormen.