Vinterferien avsluttar like våt som han starta

Været

Eit kraftig lågtrykk i Nord-Atlanteren syter for at avslutninga av vinterferien i Møre og Romsdal vert like våt som byrjinga.

Fredag melder Meteorologisk institutt sørvest sterk kuling utsette stader. Fredag føremiddag aukar vinden til liten storm og tidleg på ettermiddagen kan vindstyrken kome opp i full storm. Torsdag vart det sendt ut gult farevarsel og åtvara mot vindkast frå sørvest på 27–33 meter i sekundet utsette stader fredag ettermiddag.

Meteorologane melder også om regn- og haglbyer, byene vil kome som snø over 500–700 meter.

Laurdag vil vinden dabbe noko av, frå sterk kuling frå sørvest på kysten, til liten kuling laurdagskvelden. Nedbøren held fram med regn- og sluddbyer og snøbyer i indre og høgareliggande strøk.

Søndag vert det meldt sørvestleg bris, men liten kuling på kysten i periodar. Vinden vil dreie nordvestleg om morgonen og det vert snøbyer.