Snart kjem sommarvarmen

Temperaturen vil krype godt oppover 20-talet i helga, skal vi tru meteorologane.  Foto: Jorulf Myrene

Været

Etter nokre litt hustrige dagar, sr. det no ut til at sommarvarmen snart kjem på besøk. Enkelte stader i indre deler av Vestlandet er det venta temperaturar opp i mot 30 grader på fredag, men her på våre kantar vert det nok litt kjøligare – rundt 24 grader skal vi tru Yr sitt langtidsvarsel.

Det ser ut som om varmen kan halde seg nokre dagar inn i neste veke også.

Men først: Onsdag vartar vêrgudane opp med nordaustleg frisk bris på kysten av Møre or Romsdal. Det vert opphald og ein god del sol. Ut på kvelden er det meldt nordaustleg kuling og enkelte regnbyger, men bygene vil gjere seg gjeldande mest i indre strøk.

For torsdag vert det meldt nordaustleg frisk bris på kysten i periodar og stort sett pent vêr.

Fredag vil vinden skfte mellom søraustleg og nordaustleg bris og periodevis frisk bris frå nordaust på kysten. Pent vêr.