Sommarvarmen har forlate oss – byevêr og under 20 grader i vente

Overskya i Telegrafbukta i Tromsø. Illustrasjonsfoto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB scanpix / NPK 

Været

Etter ein junimånad med mange varmerekordar opnar juli både våtare og kaldare. Skal du høgt til fjells i Sør-Noreg, bør du vurdere å utsetje turen.

– Sommarvêret har forlate oss. Starten av juli ser ut til å bli litt kjølig, med ganske normalt norsk sommarvêr. Over 25 grader på gradestokken kan vi sjå langt etter, seier vakthavande meteorolog Magnus Ovhed ved Meteorologisk institutt til NTB.

Ifølgje Ovhed kan temperaturen kanskje kome opp i 20 grader, men dei fleste stadene blir ikkje så varmt som det i helga.

I fjellet i Sør-Noreg kan det òg bli snø. Planlegg ein å dra på tur høgt til fjells, er det kanskje andre helgar som blir finare.

Ikkje det beste vêret for fjelltur

– På vestsida blir det sannsynlegvis ganske mykje skyer og snø når ein kjem over 1.000 meter. Det er ikkje noko særleg, seier meteorologen.

På austsida av fjellet kan ein likevel ha flaks med at skydekket sprekk opp, men også her kan det bli raske vêrskifte.

– Blir det bra vêr, er det lurt å utnytte det. Vêret kan endre seg raskt, seier Ovhed.

– Det er kanskje ikkje det heilt store fjellturvêret i helga, og det kan vere smart å sjå an litt, seier han vidare.

Byer i sør

Dagane fram mot helga i Sør-Noreg ser ut til å bli prega av skiftande skydekke, regnbyer, men også nokon solglimt.

Torsdag ser det ut som det blir byer over det meste av Sør-Noreg og Trøndelag. Sørlandet får det beste vêret. Vidare utover i veka kjem det ein jamn straum av lågtrykk vestanfrå innover Sør-Noreg.

– Trøndelag og Mørekysten får det beste vêret i Sør-Noreg i helga. Der blir det litt regn i periodar. Ikkje veldig varmt, men nokon solgløtt innimellom, seier meteorologen.

Nordland vêrvinnar

I Nord-Noreg gir eit lågtrykk frå Finland ganske grått vêr over Finnmark og Troms, men i Nordland klarnar det opp.

– Nordland ser ut til å få det beste vêret i heile landet. Kanskje blir det ein del byer i periodar, men det blir greitt, seier meteorologen.

Det er gode nyheiter for nordmenn på ferie i Lofoten, som er eit populært feriemål i sommar.

Saman med Trøndelag hamnar Nordland mellom lågtrykka i Sør-Noreg og i Finnmark, og det er altså der ein kan håpe på det beste vêret.