Vêret framover: Regn, regn og - regn

Nedbøren ser ut til å halde fram, også dei kommande dagane.  Foto: Jorulf Myrene

Været

Frå vest avløyser det eine lavtrykket det andre og vi har allereie lagt bak oss nokre dagar med ein god del nedbør. Det våte vêret ser ut til å halde fram i dagane framover i følgje vervarslingstenesta Yr.no. For onsdag kveld er det meldt vestleg og nordvestleg liten kuling og regnbyger.

Liten kuling og regnbygder er det også meldt torsdag, men her kan det faktisk vere håp om littegrann opphaldsvêr utover dagen. TIl kvelden tjuknar det likevel til att med regn.

Så var det fredag. For Møre og Romsdal er det meldt sørleg bris, liten kuling utsette stader og på Søre Sunnmøre stiv kuling frå ettermiddagen. Utpå ettermiddagen vert det regn, først i sør. Det er elles utrygt for litt regn av og til, fram til då.

Laurdagen vert det også regnbyger , for det meste i ytre strok. Regnet får følgje av sørvestlig bris, liten og til dels stiv kuling på kysten.