Åtvarar om flaum

Farevarsla klumpar seg saman. Torsdag åtvarar NVE og Meteorologisk Institutt både om jordras, mykje nedbør og flaum. 

Været

Det er torsdag ettermiddag sendt ut gult farevarsel for flaum for Vestlandet, frå nordlege delar av Rogaland i sør og nord til det meste av Møre og Romsdal. Det er tidlegare sendt ut gult varsel om nedbør og om jordras. Flaumvarselet gjeld førebels for torsdag og fredag.