Våt utgang for oktober

Eit lavtrykk på veg nordover dreg med seg nedbør som vil tilføre endå meir væte på Vestlandet torsdag og fredag. 

Været

Også dei siste dagane av oktober vert det mykje nedbør. Tysdag ettermiddag sendte Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) ut gult farevarsel for flaum for Vestlandet, for på torsdag og fredag denne veka vert det ekstra mykje regn. I tillegg er det meldt liten kuling torsdag og fredag og opp i stiv kuling på kysten på laurdag.