– Nei, det er heilt uproblematisk. Vi er veldige klare til kamp no. Revansjelysta er stor etter det som skjedde i Mjøndalen, seier Hødds hjelpetrenar når vi møter han på Høddvollhuset måndag.

Truleg blir det Eid som får hovudansvaret for Hødd frå sidelinja i morgon. Lars Arne Nilsen vart vist vekk frå benken søndag. Normal straff er éin kamp som tribuneslitar.

Duo tilbake

Hødd må også klare seg utan Eirik Ulland Andersen, som vart utvist på overtid søndag. Men på plussida er Erik Sandal og Fredrik Aursnes tilbake etter karantene.

– Vi skal stille med ein bra tropp. Om vi sjonglerer meir på laget grunna tøft kampprogram er for tidleg å seie. Men det er mogleg Ruben-Kenneth Brandal står over med skade (lyskestrekk). Han måtte gå av bana i Mjøndalen, forklarer Sindre Eid.

– Vi skal bestemme

Som trur heimebanefordelen kan bli avgjerande i “cupkampen” mot Mjøndalen.

– Eg er sikker på at vi hadde slått dei om 2–0 hadde blitt godkjent. Men så kom 1-1, samtidig som Mjøndalen fekk vite at Vard hadde begynt å score ein del mål mot Bryne. Då fekk dei blod på tann, samtidig som vi måtte gamble for å kunne ta andreplassen. Mjøndalen er eit godt lag, men på heimebane er det vi som skal bestemme, varslar Eid.

Les også:

- Dette var tungt

Alt rakna i 2. omgang

Bilete før kampen MIF - Hødd

Bilete 1. omgang MIF - Hødd

Bilete 2. omgang MIF - Hødd

Kampstart 13.00

Historisk tilbakeblikk med Kjetil Hasund

* Elevane får fri