Han sette vakkert inn 3–0 på ei heading tidleg i 2. omgang, hans første a-lagsscoring i 2014.

- Eg synest det gjekk heilt greitt for min del. Eg gjorde det eg skulle - å strekkje laget og lage rom.

- Har du tru på å starte serieopninga mot HamKam?

- Det orkar eg ikkje å tenke på. Men eg følte ikkje at eg gjorde meg vekk i dag, sa Hjelmeseth til Vikebladet Vestposten.

Ulsteinvikaren er også positiv til at Hødd har gått over til ein 4-4-2-formasjon.

- Det verkar som alle på laget likar denne formasjonen. Det har blitt enklare å få i gang det offensive spelet. Kombinasjonsspelet sit bra. Det er også kjekt å prøve noko nytt, meiner Robin Hjelmeseth.

Som vurderte Hødd-prestasjonen mot Træff slik:

- Vi starta ganske bra. Så kom ein dårleg midtperiode før vi heva oss inn mot pause igjen. I 2. omgang hadde vi god kontroll.