- Eg meiner eg fortener plassen som midtspiss. 1.-omgangen min i dag er eg veldig nøgd med. Eg klarte å ta ned alle moglege slags ballar og halde på han. Eg var meg sjølv, i tillegg til å vere ein annan, sidan eg også heldt mykje på ballen. Eg jobba veldig hardt også i andre omgang, men lukkast ikkje i å kome forbi motspelarane. Uansett. Eg scora eitt mål på éin sjanse, seier Espen Standal.

- Mål er mål

Vikebladet Vestposten møter han i ”dopingrommet” på Høddvoll. Standal og fire andre Hødd-spelarar vart nemleg plukka ut til dopingtest etter kampslutt og var i ventemodus då lokalavisa stakk innom.

-  Og den scoringa var vel ikkje akkurat ”årets mål”?

- Eg trur faktisk ballen hadde gått ut eller blitt redda av keeper dersom eg hadde avslutta hardt. I staden vart keeperen utspelt av avslutninga mi. Det var ikkje akkurat eit klassemål. Men mål er mål, smiler ørstingen.

- Best som spiss

Som har prøvd seg litt på kanten medan Franjo Tepuric har blitt prioritert som midtspiss.

- Eg trivst best som midtspiss. Hadde eg fått litt tid til å finne meg til rette som kantspelar hadde det kanskje fungert. Eg måtte ha funne min eigen måte å takle rolla på. Men det er nok som spiss eg er best ja.

- Hadde det vore éin idé å danne ein spissduo beståande av deg og Franjo?

- Både for min del og hans del hadde det truleg fungert veldig bra, vurderer Espen Standal.

- Turbulent periode

2-0-sigeren mot Sandefjord var Hødds første trepoengar sidan 2-0-sigeren mot nettopp Sandefjord 24. juni. I mellomtida har resultata vore heller svake (vi gløymer sjølvsagt ikkje den gode heimekampen mot Aktobe). Dessutan har avisspaltene vore prega av spelarar som har forsvunne og eit samarbeid med AaFK som ifølgje ålesundarane kunne ha vore betre.

- Eg legg ikkje skjul på at vi har vore gjennom ein turbulent periode der det har skjedd mykje både på og utanfor bana. Men gutane har vore flinke. Vi har trena godt med bra humør. Eg har sett på trening at ting har blitt betre og betre. Det var utruleg herleg å få denne sigeren, sa Lars Arne Nilsen til lokalavisa etter kampslutt.

- Skulle strekkje laget

Han var klar på at Hødd tok ein fortent siger.

- Vi fortente å vinne i dag. Vi talde 7-2 i målsjansar, og då vinn vi jo fortent, seier Hødd-trenaren.

- Espen Standal vart valt som midtspiss i staden for Franjo Tepuric. Kvifor?

- Det gjekk litt på kva type lag vi møtte. Vi ville ikkje ha ein feilvendt spiss denne gongen. Franjo er god, men vi har ikkje heilt lært korleis vi skal bruke han enno. Vi ville unngå brot imot i dag. Sandefjord har kjappe kantar, backar og ein spiss. Espen skulle strekkje laget slik vi unngjekk brot, og det lukkast vi godt med. Espen leverte og var veldig god i dag, meiner Lars Arne Nilsen.

- Vil svinge

Etter dagens siger ligg Hødd på 7.-plass i Adeccoligaen. Sjølv om dagens siger heilt klar var eit steg i rett retning er ikkje Nilsen sikker på at pila kjem til å peike rett opp utover hausten.

- Det er vanskeleg å seie. Det kan godt hende det kjem til å svinge, I dag valde vi ein del gamle relasjonar med mellom anna Erik, Sivert, Ruben, Joachim og Espen. Vi gjekk tilbake til den vande venstresida, medan dei nye fekk plassane på høgresida. Og det var jo på den sida begge måla kom, fortel Hødd-trenaren.

- Går for 2.-plass

Som altså er litt beskjeden med tanke på ambisjonar vidare i haust. Espen Standal er meir bastant.

- Vi køyrer på og går for 2.-plassen, varslar Hødd-toppscoraren.

PS. Erik Sandal har slite med kneet dei siste vekene og ikkje fått trena særleg. Derfor gjekk han av bana etter 61 minutt. Fredrik Aursnes, som har spelt to landskampar i midtveka, kom då inn frå benken.

Kampreferatet