(Høyr kva Erik Sandal, Fredrik Aursnes og trenar Lars Arne Nilsen hadde å seie etter kampen i videoen øvst i saka)

Med poengdeling mot Kristiansund i dag ligg Hødd to poeng bak Stabæk, som har éin kamp færre enn Hødd. Dersom Stabæk vinn sin hengekamp mot Vard Haugesund (som rett nok går etter neste runde) er avstanden mellom laga fem poeng.

- Løpet om direkte opprykksplass trur eg er køyrt. No skal vi jobbe steinhardt for å ta ein kvalifiseringsplass, og det trur eg vi klarer om vi tek tre poeng i løpet av dei tre siste kampane. Det er ein kvalikplass vi går for no, varslar Lars Arne Nilsen.

- Andreplassen realistisk

I det denne saka er skrive har kampane Bodø/Glimt - Ranheim og Ull/Kisa - HamKam berre så vidt starta. Uansett kjem Hødd til å ligge på 3.-plass i Adeccoligaen også etter runden er avslutta.

Men ikkje alle er like einige i at det er tredjeplassen Hødd må sikte seg inn på i sesonginnspurten.

- Eg trur det framleis er realistisk å bli nummer to. Eg kan ikkje tenke meg at Stabæk vinn resten av kampane sine. Å møte Vard Haugesund borte blir ikkje nødvendigvis lett for dei. Sjølve skal vi møte Bryne neste runde, eit lag i dårleg form. Det må vi prøve å utnytte, meiner Fredrik Aursnes.

- Tenkjer ikkje Stabæk

Medan andre ikkje klarte å tenke så mykje på tabellen etter "to tapte poeng" mot Kristiansund.

- Vi får sjå. Det er ni poeng igjen å kjempe for, seier Jesper Törnqvist.

- Akkurat no tenkjer eg ikkje på Stabæk. Vi må fokusere på oss sjølve og gjere vår jobb, meiner Erik Sandal.

- Glimrande kamp

Som sette inn 1-1 på vakkert vis halvtimen før slutt. Mange håpte då at Hødd var i ferd med å snu kampen til sin fordel, men trass i fleire store sjansar i begge omgangane vart det berre eitt Hødd-mål denne solfylte ettermiddagen.

- Klart det er bittert å ikkje vinne ein kamp som denne. Men det er jo ein av våre beste heimekampar i år, og eg har ingenting å ta spelarane på, verken når det gjeld innsats, tæl, løpskraft eller vilje. Vi gjennomførte eigentleg ein glimrande kamp. Det var berre treffsikkerheita som svikta i dag. Eitt mål på 11 sjansar er for lite, oppsummerer trenar Lars Arne Nilsen.

- Slik er fotballen

Og får støtte frå spelarane.

- Vi hadde marginane imot oss denne gongen. Vi kjempa bra og spelte godt, men scora berre eitt mål. Kristiansund sitt mål var av det heldige slaget, meiner Fredrik Aursnes.

- Tidlegare i år har vi kanskje hatt marginane med oss. I dag hadde vi dei imot oss. Dette følest ut som eit tap, men slik er fotballen, seier Erik Sandal.

- Vi spelte ein god kamp, men klarte ikkje å sette sjansane. Sjølv hadde eg ei heading som gjekk via Bendik (Torset) og ut. Om ballen hadde retning mot mål veit eg ikkje, kommenterer kapteinen Jesper Törnqvist.

Kampreferat

Ferdigspelte kampar så langt i dag: Elverum - Follo 0-5, Strømmen - Kongsvinger 2-0.

I går: Fredrikstad - Bryne 4-0.

Hødd sine attståande kampar: Bryne (B), Follo (H) og Mjøndalen (B).

Stabæk sine attståande kampar: Elverum (H), Vard Haugesund (B), Ranheim (B) og Bodø/Glimt (H).

PS. Med eitt poeng i dag er Hødd oppe i 47 så langt. Det er eitt fleire enn totalt i 2011, då Hødd hamna på 7.-plass med 46 poeng på 30 kampar. Uavhengig av kva som skejr på tampen har Hødd gjort sin beste sesong på ti år. Kanskje kan det også bli den beste sidan 1995 (då Hødd spelte i Tippeligaen). I 2002 nådde Hødd 52 poeng på 30 kampar. Den beste plasseringa etter 1995 er 6.-plassen i 2004. Men då samla Hødd "berre" 44 poeng.