– Det går mykje på rutine, så eg trur vi skal lande sånn nokolunde også denne gongen. Det er attande gong vi arrangerer konserten, eg har vore i styret i HDU i sytten av desse åra, fortel Mary Kleven Brekke.

Det er dei to styra i korpsa Ulf og HDU som utgjer komiteen.

Ein del av farsarven

I dei to korpsa er det fleire familiar som er representerte med mange musikantar. Slik er det også med Kleven-familien: Mary har med seg både far Asbjørn, syster Rigmor og sønene Fredrik og Marius.

– Ja, du kan vel seie at vi har fått dette med korpsmusikk som ein del av farsarven, det er ei familiegreie. Pappa dirigerte skulekorpset då eg starta der som 11-åring, og etter det har eg berre halde fram med musikken, fortel Mary.

Asbjørn Kleven er med sine snart 82 år ein av dei eldste i korpset.

Har fått nettverk

Tradisjonen tru spelar korpsa to konsertar, ein klokka 16 og ein klokka 19. Det ligg mykje arbeid bak eit slikt arrangement.

– Vi skaffar solistar, lydfolk og sponsorar. Det fine er at eg etter kvart har fått eit godt nettverk. Viss vi til dømes slit med å finne solistar, får eg gjerne tips om solistar som er ledige, fortel Brekke.

Årets solistar, Espen Langvik og Marius Roth Christensen, har begge vore solistar på tidlegare nyttårskonsertar.

– Dei to korpsa er avhengige av desse konsertane for å halde drifta gåande. Vi treng pengar til både dirigentar og instrument, seier Brekke.

Ifølgje Fru Nyttårskonsert varierer overskotet frå år til år, men som regel sit kvart korps igjen med minst femti tusen kroner.

Overrasking

Tradisjonen tru: i tillegg til dei to solistane, vert det ei overrasking også på konsertane 13. januar.

– Eg kan ikkje seie så mykje, ikkje anna enn at det kjem ein person som har vore mykje på tv denne hausten, seier Brekke.

– Billettsalet går ganske bra, men det er igjen nokre ledige plassar på begge konsertane. Eg trur det vert ein flott kveld denne gongen også, seier Mary Kleven Brekke.