- Internt har vi sagt at vi vil vere med opp i der så lenge som mogleg. Bak Bodø/Glimt er det veldig jamt på tabellen. Botnlaga tek også poeng, så tek vi poeng jamt og trutt utover er alt mogleg. Vi får gi full gass, seier Sindre Eid til Vikebladet Vestposten.

Lykkast med kampplanen

Sidan Lars Arne Nilsen er på trenarkurs i Oslo var det den tidlegare stopparkjempa som hadde hovudansvaret for laget frå sidelinja. Den jobben løyste Eid godt. Hødd leverte ein god lagprestasjon og vann til slutt fortent 2-1 mot eit lag som sist tapte i serien 28. april.

- Eg og Ronny (Osnes) såg Glimt sin siste bortekamp mot Elverum. Så vi kjende til ei sterke og svake sidene til laget, og la kampplanen utifrå det - noko vi lykkast godt med, seier Sindre Eid.

- Var dette årets beste Hødd-prestasjon i serien?

- Eg er ikkje så god til å hugse kva som har skjedd før. Men klart, å slå eit lag som har spelt 17 kampar utan tap er ein veldig god prestasjon. Vi vinn jo fortent også, sjølv om Glimt hadde nokre gode sjansar.

Kjemperedningar av Lie

Dagens største sjanse kom etter 38 minutt - og det var ein trippelsjanse. Hødd stod ikkje tett nok opp i motspelarane etter eit hjørnespark. Det gav bortelaget tre kjempesjansar frå kort hald. Begge dei to første avslutninga vart redda av Andreas Lie, før den tredje gjekk over mål.

- Ballen datt vel ned i feltet. Først gav eg ein retur, før eg gjorde ei strålande redning, seier Lie sjølv.

Ville ha straffe

Redningane kom på eit ideelt tidspunkt. For berre fire minutt seinare stonga Sivert Heltne Nilsen Hødd i leiinga. Jonas Ingebrigtsen kasta inn frå høgresida. Steffen Moltu ballen stussa vidare inn i feltet før Nilsen heiv seg fram og stupte kula i mål.

- Eg trudde faktisk ikkje ballen gjekk i mål. Eg ropte på straffe lenge etter at målet var godkjent. Eg vart riven ned som berre det og hadde to hender rundt halsen. Dommaren sa i pausen at det hadde blitt straffe om ikkje ballen hadde gått i mål, seier Nilsen til lokalavisa.

- Mange spelte godt

Midtbanespelaren synest Hødd leverte ein solid prestasjon mot serieleiarane frå nord.

- Eg synest spelte godt over heile linja. Det var veldig mange som spelte bra i dag. Bodø/Glimt kom ikkje til så mange sjansar. Før pause var det vel berre trippelsjansen der Andreas redda flott dei skapte. Vi hadde sett Glimt på film og visste kva dei kom med. Glimt spelar sikkert på bortebane, noko vi utnytta, vurderer Nilsen.

Ville servere Rekdal

1-0 stod seg til det var spelt 84 minutt. I løpet av to minutt skapte Espen Standal tre sjansar, og den siste avslutninga gjekk i mål.

- På den andre der burde eg berre ha klinka til på første. Men ein god keeper skal eigentleg gå ned, så eg var vel litt uheldig også. Før målet mitt hadde eg tenkt å spele til Andreas Rekdal, men Sane (Glimt-stoppar) skugga for ballbana. Så tenkte eg at det berre var å skyte sjølv. Å sjå ballen gå i mål var utruleg herleg, seier Standal.

Som er Hødds toppscorar i serien med seks mål.

Ser oppover

Berre minuttet etter ørstingens 2-0-scoring fekk Bodø/Glimt eit straffespark som Vegard Braaten elegant sette i mål. Men nærare kom aldri serieleiarane. Med tre poeng i kveld er Hødd oppe på 5.-plass i Adeccoligaen (før runden er fullført).

- No kjem vi bakfrå, og eg meiner vi kan sjå oss endå lengre opp på tabellen. Men det er som Lars Arne og Sindre seier; vi får telje opp til slutt, seier Espen Standal.

PS. Andreas Lie fekk sitt tredje gule kort for sesongen og må stå over bortekampen mot Ranheim neste helg. - Andreas har vore steingod for oss i år. Men Jan Lennart Urke stod to gode bortekampar for oss i fjor, så det går fint. Det er også kjekt at nye folk får prøve seg, seier Sindre Eid.

Kampreferat