At Pål André Helland er erstatta av Franjo Tepuric gjer at Hødd spelar på ein annan måte enn tidlegare. Tepuric er ein typisk targetspiss, men det vart nok slått i overkant mange lange ballar i retning kroaten mot Fredrikstad. At bortelaget gjekk opp i leiinga etter 25 minutt gjorde det heller ikkje noko enklare for Hødd. For då la Fredrikstad seg lågt i bana.

– Det passar jo ikkje oss, sidan vi er gode på kontringar. Men hadde vi spelt på bortebane hadde vi sikkert gjort det same som dei, meiner Sivert Heltne Nilsen.

– Kan ta tid

Hødd har enno ikkje vunne ein kamp i år der dei har starta i 5-3-2/3-5-2. I pausen mot Fredrikstad vart formasjonen endra til 4-3-3, utan at det vart så veldig mykje betre av den grunn. Nyespissen Tepuric kjempa heilhjarta på dei mange lange ballane som kom mot han. Og totalt sett skapte Hødd meir enn Fredrikstad (5-4 i sjansar). Men for tredje heimekamp på rad i serien gjekk Hødd av bana utan nettsus.

– Pål André var ein viktig del av det offensive spelet vårt. Han hadde jo også ein viktig link med Akeem (Latifu) på høgresida. Tepuric er ein annleis spelartype, så det kan ta tid å setje eit nytt lag, seier Sivert Heltne Nilsen.

– Ikkje gode nok

Som fekk eit noko strengt gult kort og må stå over borte mot HamKam neste runde. Det frykta mange at også midtbanekollega Fredrik Aursnes måtte gjere, men han har fått utsett avreisa til landskampane i Irland med éin dag. Mot Fredrikstad var Aursnes ein av Hødd sine betre spelarar, men heller ikkje han klarte å løyse Fredrikstad-koden.

– Vi var ikkje gode nok i dag. Vi dunka altfor mykje opp i bana og vann verken første- eller andreballane. Men sidan Fredrikstad scora tidleg la dei seg jo bakpå, og då vart det for små rom for oss å spele i, forklarer Aursnes.

Før Fredrikstads mål kom Simen Rafn seg mellom Aursnes og Tobias Nygård Vibe før han sende ballen lengre inn i feltet. Der snappa Robert Stene opp kula framfor nasen på Jesper Törnqvist og scora sikkert frå kort hald.

Fem sjansar

Hødd sine kvalifiserte sjansar kom slik:

* Etter 32 minutt fekk Ruben-Kenneth Brandal tåa på ballen etter eit frispark frå Erik Sandal, men FFK-keeper Masalin redda.

* Fem minutt seinare hamra Sandal til på halvspretten frå 20 meter. Ei god Masalin-redning hindra scoring.

* 62 minutt var spelt då Törnqvist avslutta frå kort hald inne etter ein corner. Dessverre trefte han medspelar Tepuric.

* Fem minutt før slutt kom Tepuric seg fri inne i feltet, men headinga gjekk like over.

* På overtid kunne Joachim Magnussen redda eitt poeng, men skotet gjekk i ein motspelar.

– Altfor lett

– Greia i dag var at vi sleppte inn eit altfor lett mål, medan vi ikkje scora på våre eigne sjansar. Fredrikstad la seg lågt i bana etter scoringa si, og vi var ikkje gode nok til å spele dei ut, sjølv om vi tidvis hadde nokre fine kombinasjonar. Vi slo mykje langt. Det gjorde for så vidt Fredrikstad også, oppsummerer Jesper Törnqvist.

– Tepuric er god i luftrommet. Men slo de opp mot han litt for ofte?

– Det kan hende, men vi må også nytte oss av styrkane hans. Franjo er god feilvendt og ingen typisk bakromsspiss, seier Hødd-kapteinen.

Og forklarer neste-målet sitt etter 62 minutt slik:

– Går ballen gjennom feltet er det jo mål. Dessverre sprang Franjo akkurat i ballbana.

Framleis opprykkssjansar

Hødd har berre éin av dei sju siste seriekampane. Det er først og fremst på heimebane det buttar imot. Ingen mål på dei tre siste forsøka og berre sju mål rett veg på totalt åtte heimekampar. Men den gode bortestatistikken (4-3-2) gjer at Hødd framleis kjempar om opprykk. Laget har like mange poeng som HamKam på nedste kvalifiseringsplass, og berre fem færre enn Kristiansund BK på andreplass – som gir direkte opprykk.

– Vi skal kjempe oss ut av dette, varslar Sivert Heltne Nilsen.

– Det er heile ni eller ti lag som kjempar om plasseringane bak Bodø/Glimt. Alle slår alle i denne divisjonen, så vi er framleis med i opprykkskampen, vurderer Fredrik Aursnes.

Kampreferat

Tabellen