Neste torsdag går returoppgjeret i Kasakhstan. Det var svært viktig at Hødd ikkje sleppte inn mål i dag. For endar det uavgjort totalt går laget med flest bortemål vidare (og dei får Aktobe uansett ingen av).

- Etter denne kampen har vi større sjansar enn dei til å gå vidare. No gjeld det å vere kyniske i Aktobe, varslar Fredrik Aursnes.

- Berre halvvegs

Sivert Heltne Nilsen meiner Hødd må legge opp kampplanen på same måte som på Høddvoll.

- Vi er berre halvvegs, og det står att ein tøff bortekamp. Vi må gjere ein del av det same som i dag for å avansere. Det er viktig å ikkje la dei trille ball. Det slit på føtene, spesielt når dei har tempo i spelet sitt, seier Nilsen.

- Burde scora fleire

Pappa og trenar Lars Arne var svært stolt etter torsdagens 1-0-triumf. Sigeren er viktig for norsk fotball, meiner Nilsen senior.

- No skal vi gjere oss ferdige med denne kampen, så får vi sjå korleis vi skal angripe bortekampen, seier Hødd-trenaren.

Som berre fann éin ting å setje fingeren på etter heimesigeren; sjanseutteljinga.

- Aktobe kunne jo også ha scora, men vi kan ikkje brenne så mange sjansar. Vi hadde eit par store til som burde ført til mål, kommenterer Nilsen.

- Viktig med bortemål

Kaptein Jesper Törnqvist meiner Hødd sin store styrke kontra Aktobe er den gode lagorganiseringa.

- Eg visste at vi hadde ein sjanse til å vinne i dag, og vår gode organisering la grunnlaget for ein sterk 1-0-siger. No går vi for avansement, og å få eit bortemål vil vere svært viktig, varslar Törnqvist.

Ny trekning

Fredag (i dag) får Hødd vite kven som kan bli motstandar dersom dei slår ut FC Aktobe. Trekninga av 3. kvalifiseringsrunde går i Nyon frå klokka 13.00, der Vinjar Vikanes er Hødd sin representant.

I denne runden spelar vinnarane av dei 40 kampane i 2. kvalifiseringsrunde, pluss 18 lag som går direkte inn i 3. kvalifiseringsrunde, melder uefa.com.

- Vi vinn heime

Men Aktobe-trenar Vladimir Nikitenko føler seg trygg på at Hødd sitt Europa-eventyr er over neste torsdag.

- Hødd var gode. Dei vann fortent 1-0, sjølv om det også gjerne kunne blitt 1-1. Men vi slår dei neste veke og vinn totalt, sa Nikitenko på ein kort pressekonferanse via tolk.

Les også:

* Kampreferatet

* - Ein taktisk triumf