- Eg fekk krampe i føtene, så eg fekk ikkje med meg målet deira. Kanskje burde eg ha heldt meg til hovudet slik at dommaren hadde stoppa spelet, men eg klarte ikkje det, spøkjer ungguten Fredrik Aursnes etter Hødds 1-0-tap mot HamKam.

For i det 17-åringen låg nede for teljing i det 86. speleminuttet, utnytta vertane på Briskeby overtalet og gjekk i angrep. Ballen hamna til slutt hos innbytar Emil Sildnes som stussa ballen forbi keeper Andreas Lie.

- Veldig uheldig

At det stod mållaust i Hamar før Sildnes' skåring er nesten ikkje til å tru. Både etter ein halvtime og dryge 20 minutt før full tid fekk HamKam straffespark, men Lie redda begge gongane. Sisteskansen var derfor svært skuffa over å stå att utan poeng.

- Klart det er surt. Når ein reddar to straffespark så seier det seg sjølv at det er surt at vi ikkje tek poeng, men eg tek med meg det positive - at eg spelte ein god kamp, seier ein skuffa Andreas Lie.

Skuffa var også Hødd-trenar Lars Arne Nilsen, som meiner at dei var veldig uheldige som fekk det avgjerande målet i mot.

- Når Fredrik ligg nede så utnyttar dei romet og slår inn i boksen der vi tapar fighten. Eg tykkjer vi er veldig uheldige som tapar slik og det er synd vi ikkje står løpet ut, meiner Hødd-trenaren.

Mange endringar

Til kampen var det heile fem endringar i laget som tapte 1-0 mot Fredrikstad sist helg. Som kjent har Akeem Latifu blitt lånt ut til AaFK, medan Sivert Heltne Nilsen var suspendert etter å ha fått tre gule kort.

Erik Sandal stod over kampen grunna skade, medan Espen Standal og Tobias Vibe vart vist til benken.

Les også: Lånt ut til AaFK

Sjølv om Nilsen meiner at det vil ta litt tid før alle relasjonane vil sitje, var han nøgd med dei to debutantane sine.

- Jonas (Ingebritsen) spelte seg opp utover i kampen. Eg er godt nøgd med det han presterte, sidan det er hans første kamp i Adeccoligaen, kommenterer han.

- Eirik (Ulland Andersen) gjorde mykje bra, spesielt i første omgang. I den andre omgangen vart det litt tøffare arbeidsforhold, legg NIlsen til.

Kvilte Tepuric

Like før timen hadde blitt spelt valde Nilsen å byte ut kroaten Franjo Tepuric, som også var den einaste Hødd-spelaren som vart byta før skåringa til HamKam.

På spørsmål om dette skuldast skade eller endring av kampplan, svara Nilsen følgjande:

- Det var kanskje ein kombinasjon. Franjo treng litt tid på å kome i gang igjen. Samtidig trong vi nokon som kunne springe litt meir i bakrom slik kampen utvikla seg.