Vel, Bryne var ikkje ufarlege dei heller. Mellom anna var Aram Khalili berre ein god Andreas Lie unna scoring i det 10. minutt. Og Jon-Helge Tveita skaut like utanfor lengste stong etter 73 minutt.

Men det var Hødd som spelte best og skapte mest. Jesper Törnqvist var nær scoring etter ein corner då seks minutt var spelt. 15 sekund ut i 2. omgang kunne Rune Ertsås ha scora frå kort hald, men skotet vart blokkert. Pål André Helland kom åleine mot Bryne-keeper Kristiansen like etter. Avslutninga gjekk til side for mål. Erik Sandal var nære på sju minutt ut i 2. omgang. Ertsås fekk ein kjempesjanse åleine med Kristiansen kvarteret før slutt, men Bryne-keeperen redda. Og to minutt seinare brente Helland ein ny stor sjanse.

- Smågutefotball

Nei, det ville seg ikkje for Hødd. Og då Oddbjørn Skartun sneik seg forbi Steffen Moltu og hamra ballen i mål seks minutt før slutt gjekk Bryne opp i 1-0 – kampens siste og einaste mål.

- Ingen tvil om at dette var eit bittert tap. Eg skulle sjølv ha scora to-tre mål, og laget både to, tre og fire. Og det målet vi sleppte inn minner om smågutefotball. Det har vore slik dei siste heimekampane. Vi rullar over motstandaren, men slepper inn billege mål. Kampar som denne skal vi vinne, men Bryne lukkast med sin plan, sa ein skuffa Pål André Helland etter kampslutt.

- Mange gode avsluttarar

Toppscorar Espen Standal stod over dagens kamp. Han har fire mål i år, eitt meir enn høgreback Akeem Latifu. Trass i tapet mot Bryne ligg Hødd framleis på 3.-plass i Adeccoligaen, eitt poeng bak Sandefjord på opprykksplass. Spørsmålet er om det er mangel på sjanseutteljing som kan vippe opprykkskampen feil veg for Hødd.

- Vi har eigentleg mange gode avsluttarar. Både eg og Erik (Sandal) er naturleg gode avsluttar som kan score mange mål, og både Espen (Standal), Joachim (Magnussen) og Rune (Ertsås) har potensial til å score tosifra. Men eg hadde ikkje takka nei til ein spelar som scora på alle sjansane sine, svarer Pål André Helland på spørsmål om Hødd manglar "20-målsmannen".

Høgrevingen legg til at mykje kan snu seg til hausten, også med tanke på utteljing.

- I fjor var det slik at fleire sjansar gjekk inn for min del. Vi har gjort ein bra vårsesong trass i at vi ikkje har maksa ut offensivt. Stallen består av fleire typiske haustspelarar, så får vi i gang det offensive skal vi ikkje sjå vekk frå at vi kan hamne endå høgare på tabellen enn vi ligg no, trur Helland.

- Få tilbake sjølvtilliten

Hødd har varsla at dei ønskjer å forsterke stallen i sommar, men å hente inn ein ny spiss var ikkje det som stod i trenar Lars Arne Nilsen sine tankar etter Bryne-tapet.

- Nei, det tenkjer ikkje eg så mykje på. Vi har gode spissar, men dei må score mål, ikkje sant. Dei må setje sjansane slik at dei får sjølvtilliten og trua tilbake. Eg er ein gammal spiss sjølv og veit korleis det er. Når du først bommar så bommar du igjen. Og så må du få hol på byllen. Det er litt slik det er for spissane våre akkurat no, vurderer Nilsen.

- 12 målsjansar

Som synest det var bittert å ikkje bikke kampen rett veg.

- Vi spelar ein god kamp. Vi talde12 målsjansar, men scora ikkje på nokon av dei, og då vinn vi ikkje. Så enkelt er det. Det er ikkje (berre) avslutningsteknikk det skortar på, men også sistepasninga og litt på ferdigheiter i det siste trekket, seier Lars Arne Nilsen.

Og legg til at Hødd hadde hatt mange fleire poeng med betre sjanseutteljing.

- God kamp

Fredrik Aursnes var ein av banens beste spelarar og involvert i fleire gode angrep som kunne gitt scoring.

- Det var frustrerande at vi ikkje vann i dag. Vi pressa på heile kampen, men fekk ikkje ballen inn. Og så scora dei på ei klarering, eller kva eg skal kalle det. Vi spelte ein god kamp. Det var det som skjedde på den siste tredelen som ikkje sat, oppsummerer Aursnes.

Kampreferat

Tabell