I 1. omgang gjekk eit frispark frå Andersen i treverket. To minutt før slutt fekk kantspelaren ein ny sjanse til å score på dødball. Skotet gjekk via muren og keeperen og i mål. Dermed enda ein tett og spennande kamp i Trondheim 1-1.

- Eg har trena mykje på dødballar. No begynner det endeleg å losne, smilte Eirik Ulland Andersen etter kampslutt.

Kunne fått fordel

Han har tatt over dødballansvaret for Hødd etter at Pål André Helland reiste til Rosenborg og Erik Sandal har vore ein del skadd.

- Vi kunne ha fått fordel i den situasjonen. Men ballen gjekk litt for langt ut til høgre, så eg ropte til dommaren at vi heller ville ha frispark, forklarer Andersen.

- Vanskeleg vind

Hødd var eit par knepp betre enn Ranheim i 1. omgang, medan heimelaget var det mest skapande og best spelande laget etter pause. Derfor sa Hødd seg nøgde med poengdeling mot opprykksrivalen.

- Det var ingen kamp for finspel. Det var vanskeleg å spele i både med- og motvind. Kampbiletet var likt nesten heile vegen, men vi kom oss meir rundt på kantane i 1. omgang. Uansett. Dette var eit viktig poeng for oss, seier Eirik Ulland Andersen.

Skrytte av innsatsen

Og får støtte av trenar Lars Arne Nilsen.

- Eg er strålande nøgd med eitt poeng her. Det var utruleg herleg å få det målet på slutten der. Det er godt gjort å kome tilbake i ein slik kamp. Eg er veldig nøgd med innsatsen spelarane la ned. Ronny (Osnes) talde 5-5 i sjansar. Dessutan vart vi truleg snytt for ei straffe då Joa (Magnussen) vart tatt i 1. omgang. Så uavgjort i ein jamn kamp er heilt greitt, meiner Nilsen.

Fleire reaksjonar kjem seinare.

Kampreferat