Vi har fått til utruleg mykje i Hareid gjennom samarbeid. Og vi, det er alle politikarane, dei tilsette, alle innbyggarane, alle frivillige lag og organisasjonar og alle næringsdrivande i kommunen. Einskildpersonar og enkeltparti kan ikkje utrette under. Realiteten er at ein ikkje får til stange støv utan å samarbeide. Det er fleirtalet og det samla kollegiet, samarbeid politikk-administrasjon, samarbeid med einskildpersonar, lag og organisasjonar eller med private bedrifter som gir resultat. Det er vi nauta flinke til i Hareid.

Kven som har gjort kva og når er ikkje det vesentlege – det som betyr noko er at ein i fellesskap arbeider mot felles mål og klarer å løfte Hareid opp og fram. I denne samanhengen er omdømebygging naudsynt – vi må fortelje alle kor fantastisk godt vi har det og kor godt det faktisk er å bu her – då oppnår vi det vi ynskjer.

Kva vi skal gjere og satse på dei neste 4 åra, er det det nye kommunestyret som bestemmer. Lokalvalet handlar difor om å velje eit kommunestyre som samla kan vidareutvikle kommunen. Godt val!

Bernt Brandal Ordførarkandidat for Folkelista for Hareid kommune